Stengt for biltrafikk i tre timar
Delar av fire gater i Os sentrum blir stengt under marsj og julegrantenning.

Fredag kveld startar med marsj frå Giskavollen til Torget for tenning av julegrana i Os sentrum.
Deltakarane treng ikkje kryssa fylkesveg, som tidlegare år, då det var marsj frå Irisgården og Oseana.
Men delar av fire gater i Os senrum blir stengt under marsj og tenning - frå klokka 17 til 20.
Landboden blir stengt frå Giskavollen Parkering til Øyro under avmarsj, Øyro blir stengt ved Malina og apoteket, Torggata blir stengt ved bommane og Brugata blir stengt for gjennomkøyring ved Fana Sparebank.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.