Kultur | 14. mars 2014

Stjerneskotet frå Os på NRK fredag

Aurora Aksnes (17) fekk terningkast 6 av både VG og Dagbladet etter konserten på by:Larm i Oslo. I kveld speler ho på direktesendt TV.

Stjerneskotet frå Os på NRK fredag
Aurora, her som pauseinnslag på UKM i januar i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. mars 2014 07:15

I desember 2012 skreiv vi om fenomenet Aurora Aksnes første gong, fire dagar etter at venninna hennar lasta opp låta hennar «Puppet», som på få timar segla opp på toppen av lista over mest høyrd på NRK Urørt.

I haust signerte ho med tyske Budde Music, i januar spelte ho for UKM-deltakarane og laurdag 1. mars var ho på scenen på by:Larm på Herr Nilsen i Oslo.

Responsen var formidabel!

«Så befriende. Så fabelaktig. Så stjerneklart» skriv Tor Martin Bøe i VG.

«Hun er så ung og så ferdig utviklet som artist. Stemmen er god og låtene fantastiske» meiner Rannveig Falkenberg-Arell i Dagbladet.

Les ikkje om seg sjølv

Aurora sjølv har ikkje fått med seg alt det fine som blir skrive om ho.

– Eg vil ikkje lesa kva folk skriv om meg, eg vil berre konsentrera meg om musikken.

– Men eg har fått høyra at det er positivt, og det er kjekt, seier Aurora, som er elev ved Nordahl Grieg.

På NRK i kveld

Etter suksessen på by:Larm har det vore stor interesse rundt Aurora.

– Det skjer veldig mykje akkurat no. I morgon skal eg og bandet eg har med meg spela under den direktesendte opninga av Hamar Kulturhus.

På den direktesendte opninga, som blir del av Gullrekka på NRK, speler blant andre også Ole Edvard Antonsen og Jan Eggum.

Sendinga startar klokka 22.25, rett etter Skavlan. På ostlendingen.no kan du lesa meir om showet.

Av festivalar har ho førebels berre takka ja til éin. fredag 4. juli speler ho på Bygdalarm i Øystese.

– Det blir mykje låtskriving og tid i studio òg, seier Aurora, som allereie har skrive 50-60 låtar og spelt inn 20 av dei.

Det er førebels uvisst kor tid ho kjem med debutalbumet, men kanskje det blir i starten av 2015.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.