Mann funnen omkomen etter grunnstøting på Tysnes
– Var truleg åleine i båten.

Mannen som blei funnen i sjøen i samband med ein seglbåt som var gått på land utanfor Våge, er omkomen.
Det opplyset Vest politidistrikt i ei pressemelding.
– Vi held på å varsla pårørande, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen.
Etterretningsopplysingar og spor tyder på at vedkomande har vore åleine i båten, og redningsaksjonen er no avslutta.
Det er foreløpig ikkje sagt kvar vedkomande kjem frå.
Sto med motoren i gang
Det var klokka 11.26 at Vegtrafikksentralen fortalde om midlertidig stopp i ferjesambandet Halhjem-Våge.
Årsaka var ein pågåande redningsaksjon utanfor Tysnes.
Den første meldinga om grunnstøtinga skal ha kome klokka 10.58.
110-sentralen varsla samtidig at det var ein seglbåt som hadde grunnstøtt, og at nødetatar er på veg.
BT skriv at seglbåten er 35 fot lang, og skal ha gått på land på Ratholmen, rett utanfor Våge, med motoren i gang.
Ferjesambandet kom i drift frå klokka 13.
Så blei ein mann funnen i sjøen ved seglbåten.
Han skal vera eigar av båten. Det var først uklart om det var fleire om bord.
Redningsdykkarar frå Os deltok i aksjonen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.