Politi | 25. juli 2023

UP sto tre timar med laseren

Skreiv ut 19 forelegg.

UP sto tre timar med laseren
UP sto i 70-sona forbi vekta på Moberg i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 25. juli 2023 07:44

Måndag frå klokka 12.30 til 15.30 hadde utrykningspolitiet fartskontroll på E39 Halhjemsvekta.

Etter tre timar i 70-sona forbi vekta hadde dei skrive ut 19 forenkla forelegg.

– Høgaste målte fart var 94 km/t, opplyser politibetjent Sindre Hallem.

Det resulterer i 9.100 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

I 70-sona ryker førarkortet i det du passerer 105 km/t.

I 13-tida var politiet på Halhjem ferjekai etter tips om mogleg køyring i påverka tilstand på ein bil som kom med ferje frå Sandvikvåg.

– I bilen sat eit ektepar frå USA. Verken alkotest eller narkotest gav utslag, dei var truleg berre slitne etter ein lang biltur.

Turistane blei dimitterte utan reaksjonar frå politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.