Lokal | 25. mars 2016

Stord-Os: Vil vurdera enklare vegstandard

Etter kraftig prisauke på Hordfast vil statsminister Erna Solberg (H) vurdera om prosjektet skal gjerast enklare eller annleis.

Stord-Os: Vil vurdera enklare vegstandard
Erna Solberg var i Os fleire gongar i 2013, både for å sjå på vegen og for å driva valkamp. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. mars 2016 08:46

For knappe tre år sidan var Erna Solberg (H) på synfaring i Os i samband med ferjefri E39 og valet 2013.

Den gong var det snakk om prislapp på 19 milliardar og byggestart i 2018.

Nyleg blei det kjent at prisen truleg blir det dobbelte, både alternativet med bru frå Tysnes til Os og indre alternativ om Fusa har no eit prisoverslag frå Statens vegvesen på rundt 40 milliardar kroner.

– Det er eit viktig samanbindingsprosjekt, men akkurat no må vi får tid til å gå gjennom desse tala og sørgja for å vurdera om vi skal gjera dette enklare eller annleis, seier statsministeren til NRK.

Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap), seier til NRK at ho fekk kritikk av høgresida då ho foreslo det same i haust. Hestetun seier ho er glad for å høyra det Solberg no seier og presiserer at det framleis bør vera mål om byggestart i 2018.

Indre alternativ meir aktuell om dimensjonen går ned

Det var då dimensjonen for nokre år sidan auka frå to til fire felt at fjordkryssing blei meir aktuelt.

Fire felt med tunellar i Fusa blei så dyrt at bru over Bjørnafjorden ikkje skilte seg ut som like råflott lenger. Rapporten KS1 konkluderte med at det beste var å kryssa fjorden.

Om prosjektet blir tatt ned frå fire til to felt vil truleg indre alternativ, E39 om Fusa, stå som billigaste alternativ.

Midtsiden følgjer: Hordfast

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.