Politikk | 15. sep. 2022

Straumstøtte til næringslivet – no!

Vi vil fremja ni forslag i «hastemøtet» i Stortinget måndag, men fryktar at møtet vil bli ein parodi.

Straumstøtte til næringslivet – no!
Terje Søviknes, her som avtroppande statsråd i august 2018. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. sep. 2022 06:48

Måndag 19. september skal Stortinget samlast til «hastemøte» om straumpriskrisa. Tiltak for næringslivet, ikkje minst for små og mellomstore verksemder har vore i fokus dei siste vekene. Mange bedriftseigarar har difor store forventningar til møtet.

Eg er redd dei vert skuffa.

Den siste tida har vi sett det eine medieoppslaget etter det andre der bedriftseigarar og arbeidstakarar fryktar at dei må stenga ned verksemdene sine om ikkje det kjem ei løysing. Straumrekningane er astronomiske, og langt frå alle verksemder kan vidareføra kostnadane til kundane sine. Ei massiv konkursbølgje kan bli resultatet, og livsverk vil gå tapt.

Trass i dette er signala frå AP/SP-regjeringa utydelige.

Ei låneordning eller ein lånegaranti er eitt av tiltaka som er nemnd. Det er absolutt det siste små og mellomstore verksemder treng. Det vert som å ta opp forbrukslån. Og frå privatøkonomien veit vi at forbrukslån fort fører ein inn i luksusfella. Lån skal trass alt betalast attende.

Difor har FrP i lang tid tatt til orde for ei ordning med makspris på 50 øre/kwt til alle, også næringslivet.

I dag får husholdningane 90 % straumstøtte for prisar over 70 øre/kwt. FrPs ordning vil gje 100 % støtta til alle for prisar over 50 øre. Dette vil gi føreseielege rammevilkår også for næringslivet.

I tillegg har vi foreslått ei rekkje andre tiltak for å få kontroll på straumprisane, mellom anna redusert krafteksport ved lav fyllingsgrad og reforhandling av avtalane for dei to siste kablane til Tyskland og Storbritannia.

I alt vil vi fremja ni forslag for Stortinget.

Diverre tyder imidlertid alt på at Stortinget ikkje vil handsama eit einaste forslag 19. september.

På dagsorden står berre ei utgreiing frå regjeringa, med ein påfølgjande debatt. Og normalt opnar ikkje Stortingets forretningsorden for å handsama forslag i same møtet som dei er fremja.

Møtet kan dermed fort enda med null resultat for næringslivet som noe ventar på ei avklåring. Då vert heile «hastemøtet» ein pariodi.

No krevst det handling.

Det held ikkje lenger at regjeringa følgjer nøye eller ekstra nøye med. Dei må koma med konkrete tiltak som kan hjelpa elles lønsame verksemder gjennom hausten og vinteren. Om ikkje går mange ei krevjande tid i møte.

Terje Søviknes (FrP)
2. nestleiar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.