Politi | 27. apr. 2021

Svimerke og (angrande) tagging på madrass til 300.000 kroner

Os idrettspark utsett for hærverk.

Svimerke og (angrande) tagging på madrass til 300.000 kroner
Regntrekk og overmadrass er skadd av svimerke og sprittusj.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. apr. 2021 08:29

Søndag fekk Os Turn friidrett melding om hærverk på stavsprangmadrassa, friidrettsutstyr til 300.000 kroner.

Dei meldte skadeverket vidare til Os idrettspark, som har ansvar for Osbadet, hallane og drifta av den kommunale delen av utandørsanlegget.

– Utstyret er kostbart, og skadeverket omfattar både svimerke og tagging, seier Trond Erik Nilsen frå Os idrettspark.

– Tagginga med tusj ser rett nok ut til å vera av angrande sort, der ein eller annan hevdar seg uskyldig i brenninga av madrassa, men det tel som skadevrk dette òg.

– Saka er meldt og vi er interessert i tips, seier politioverbetjent Atle Birkeland.

Kan brukast vidare

– Hærverket er utført på regntrekk og overmadrass, som vi no har snudd så friidretten framleis kan bruka madrassa. Men vi håper naturlegvis at dette ikkje skjer igjen, det blir dyrt å skifta denne ganske nye madrassa, fortel Nilsen.

Menneske er ikkje dei einaste som har gått laus på utstyret.

– Det har vore nokre mus som har gnagd på utstyret. Dei får vi prøva å stoppa utan hjelp frå politiet, seier Nilsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.