Politi | 13. sep. 2023

Ønskjer tips etter uhellet på E39 i går

Politiet ber vitne, gjerne med video, ta kontakt.

Politiet var på staden etter uhellet i går. (Foto: tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. sep. 2023 07:32

Tysdag i 15.20-tida var det eit trafikkuhell på E39 ved Svegatjørn.

To bilar var involvert i uhellet, som skjedde i samband med fletting i 80-sona mellom Ulvenvegen og Ulvenvatnet retning Moberg.

Trafikken frå Svegatjørn mot Moberg går seinare enn normalt etter uhellet. (Lesarbilde, foto: Lars Ulvar Hjellestad)
Les ògUhell og kø på E39

– To bilar og to personar var involvert. Det er ikkje rapportert om personskade, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Det blei ein periode med dirigering og kø på staden før bilane blei berga.

– Det var store materielle skadar på den eine bilen, og det er oppretta sak.

Den eine bilen køyrde i den andre bakfrå. Førar av fremste bil er ein mann i 30-åra, førar av bilen bak er ein mann i 50-åra.

– Det blei ikkje tatt førarkortbeslag, men det er usemje om skyldfordeling. Førar av bilen som kom bakskal ha påstått at bilen framfor tok ei brå oppbremsing.

Då dei første vitna køyrde vidare, etterlyser politiet no informasjon frå desse.

– Gjerne video òg, om det var nokre av dei forbipasserande som hadde aktivt kamera i bilen då dei passerte.

Eventuelle vitne kan kontakta Bjørnafjorden politistasjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.