Politi | 10. nov. 2021

Tenåring fekk 9.050 kroner i forelegg

Må også ut med 9.050 kroner etter snittmåling i Hegglandsdalen.

Tenåring fekk 9.050 kroner i forelegg
Hegglandsdalsvegen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. nov. 2021 07:10

Politiet gjennomførte fartskontrollar ved snittsmåling på Hegglandsdalsvegen i 23-tida tysdag kveld.

– To bilførarar køyrde for fort. Dei blei målt til 75 km/t og 61 km/t i 50-sona, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Vedkomande som blei målt i 75 km/t var 1 km/t frå førarkortbeslag. Dette var ein tenåring i prøvetid, og fekk derfor dobbelt opp med prikkar, 6 i staden for 3.

Bilførar får også eit forelegg som svir, og må ut med 9.050 kroner.

Den andre bilføraren er truleg meir erfaren. Vedkomande er i 70-åra. Han fekk to prikkar og eit forelegg på 4.050 kroner.

I tillegg skal UP har hatt nokre fartskontrollar i Os i går, men det har foreløpig ikkje kome inn «fangstrapport» frå desse til Bjørnafjorden politistasjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.