Brann og beredskap | 10. jan. 2023

Testar varslingsanlegg og nytt mobilsystem

Onsdag går sirena. Om ikkje lenge får du også melding frå nytt mobilsystem.

Testar varslingsanlegg og nytt mobilsystem
Os er blant dei litt over tusen stadane i Norge som har varslingsanlegg. (Foto: Odd Skarbomyr, DSB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. jan. 2023 21:14

Onsdag 11. januar klokka 12.00 testar Sivilforsvaret signalet «Viktig melding – søk informasjon» i alle kommunar der det er montert varslingsanlegg.

I Os sentrum er varslingsanlegget flytta til Giskavollen etter at den gamle brannstasjonen i Os sentrum blei riven.

Signalet blir sendt i tre seriar med eitt minutt opphald mellom seriane.

– I fredstid kan varslingsanlegga blant anna brukast ved industriulykker med utslepp av giftig eller farleg stoff. I krig kan anlegga brukast ved fare for angrep, seier Øistein Knudsen jr, sjef for Sivilforsvaret.

Nødvarsel på mobil

Anlegga blir testa kvar januar og juni månad. Ved førre test opplyste DSB at det var nytt varslingssystem på gang.

Som følgje av krigen i Ukraina blei det vedtatt å gi auka pengeløyve til fleire tiltak for å styrka beredskapen på sivil side i Norge.

Etablering av Nødvarsel på mobiltelefon er eit av desse tiltaka.

DSB, Politidirektoratet, Nasjonal kommunikasjonsmyndighet og mobiloperatørane har det siste halve året jobba tett saman for å etablera Nødvarsel på mobiltelefon. No er systemet levert.

— Det er et stort og viktig arbeid som er lagt ned i å få etablert dette systemet på nokre få månadar, seier Elisabeth Aarsæther, direktør i DSB.

I dagane framover blir dei siste testane og oppdateringane gjennomført, før systemet er klart for bruk ved reelle hendingar og til testing.

Nødvarsel på mobil skal ikkje testast 11. januar, men det er planlagt ei rekke informasjonsaktivitetar, slik at folk blir kjent med denne nye varslingsløysinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.