Til Fana stadion for å hylla Trond Mohn
Os kommune er med på å takka den rause 75-åringen under Trond Mohn Games i kveld.


Trond Mohn har fylt 75 år, og den rike og rause gründeren blir i kveld hylla med Trond Mohn Games på Fana stadion.
Brørne Ingebrigtsen og Karsten Warholm er blant deltakarane, i tillegg kjem det topputøvarar frå 23 ulike nasjonar, blant anna tidlegare verdsrekordhaldar på 3000 meter hinder, Caroline Chepkurui Tuigong.
– Publikum kan venta mykje god idrett og ei fin hyllest til Trond Mohn, seier arrangementsansvarleg Kjell Magne Ebbesvik til BT.no.
Ei oppsummering i 2015 viste at Mohn, til då, hadde gitt pengegåver for over 4,7 milliardar kroner til forsking, utdanning og idrett. Bergen kommune har fått 19 ballbingar, 25 kommunale kunstgrasbanar, 23 kommunale idrettsparkar og ei rekkje private idrettsanlegg.
Ein stor støttespelar til idretten i Os
Trond Mohn har òg gjeve solid pengestøtte til mange av idrettsanlegga i Os.
– Os kommune er evig takksam for alt Trond Mohn har gjort mogleg å realisera i bygda vår! Anlegga blir flittig brukt og er til glede og inspirasjon for unge og gamle i mange år, seier ordførar Marie Lunde Bruarøy.
Kultureininga har vore opptatt i dag, så Midtsiden har ikkje lykkast i å få ei komplett oppramsing. Eit av dei nyaste prosjekta han har vore viktig bidragsytar til, er fotballbane nummer to på Nore Neset.
«God dag minister. Støtter Nore Neset med 2 millioner. Please gi meg kontonummeret» var SMS-en Terje Søviknes fekk frå Trond Mohn i fjor.
Han har tidlegare, blant anna, gjeve 10 millionar til Os sentralidrettsanlegg (bane og dobbelhall), 2 millionar til friplassen på Søfteland og store summar oppgraderinga av Framo Lysekloster idrettspark.
Allereie i 2012 passerte summen av gåver til ulike anlegg i Os 20 millionar kroner.
Delte ut billettar
Lokale utøvarar er i gang frå klokka 17 i dag, mens opning av Trond Mohn Games er klokka 18.
Ordførar Bruarøy hadde ein avtale ho ikkje kunne flytta, men har gjeve bidrag til arrangementet.
– Os kommune støttar arrangementet, men eg får dessverre ikkje stilt opp sjølv. Vi fekk billettar, og dei har vi delt ut til nokre av idrettslaga i bygda.
Billettar er framleis for sal, med prisar frå 60 til 250 kroner.