Musikk | 07. apr. 2022

Til Tysnes med «Bye Bye Johnny»

Dei låg 57 veker på Norsktoppen. For 35 år sidan.

Til Tysnes med «Bye Bye Johnny»
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. apr. 2022 06:15

Tidlegare denne veka slapp Tysnesfest (6. til 10. juli) årets Såto-artist, OnklP & De Fjerne Slektningene.

I går kom tre slepp til: Dei gamle rockeheltane Return og Stage Dolls, starta på 1980-talet, kjem begge til Gjerstad Arena, det same gjer den gryande stjerna SKAAR frå Stord.

– Dette gler me oss enormt til! Stage Dolls har ikkje vore på Tysnesfest sidan 2008, og det er første gong Return speler på festivalen.

– Showet til Stage Dolls og Return blir verkeleg eit konsentrat av hitparade og allsong.

Stage Dolls. (Pressefoto)
Stage Dolls. (Pressefoto)

Stage Dolls, som var siste band ut fredagen under siste Osfest (2019), er kjent for låtar som «Wings of Steel» og «Love Don't Bother Me».

Return hadde alle dei første fem albuma sine inne på Topp 20-lista, er blant bestseljarane i norsk rock.

Dei har laga ei lang rekkje populære rockeballadar, som «Hard to say goodbye», «Bye Bye Johnny», «Love don't Bother me» og «Can You Forgive Me».

«Sing me a Song» låg heile 57 veker på Norstoppen.

Både Stage Dolls og Return har vore svært aktive dei siste åra.

Frå Stord til Netflix

Den tredje nybookinga er stordingen SKAAR (Hilde Skaar).

– Me i Tysnesfest såg SKAAR for fyrste gong live under bransjefestivalen 100 DAGAR i 2019, og blei med ein gong fengsla av det som allereie då framsto som ein ferdig utvikla artist, fortel Vaage.

Ho har blitt samanlikna med andre norske popdronninger som Sigrid, Aurora og Astrid S.

23-åringen kan visa til nominasjoner til prisar som «Årets nykommer» (p3Gull) «Årets stjerneskudd» (by:Larm) og «Årets Artist»(NRJ Awards).

Trass si ferske karriere har ho fått ei rekke ærefulle oppdrag for kinofilmar som Battle og Askeladden. I tillegg har ho skreve og sunge originalmusikk til Netflix-serien «Hjem til Jul».

Tysnesfest-programmet ser foreløpig sånn ut:

Torsdag: Plumbo, Hagle, Halva Priset, Soppgirobygget, Helene Olafsen, Staysman

Fredag: Bjørn Eidsvåg, Chris Holsten, SKAAR, CC Cowboys, OnklP og De Fjerne Slektningene

Laurdag: Erlend Ropstad, Ronan Keating, Synne Vo, Return & Stage Dolls, Kjartan Lauritzen, TIX

Bermudateltet torsdag og fredag: Vinskvetten

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.