Brann og beredskap | 27. juni 2023

Tilbake til vanleg bålforbod

Etter 11 dagar med ekstraordinært forbod, er det frå i dag tilbake til normalt sesongforbod.

(Ill. foto: Brannvernforeningen/Vincent Keiman)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. juni 2023 12:19

Grunna redusert brannfare i terrenget etter mykje nedbør i Bjørnafjorden det siste døgnet, blei det ekstraordinære forbodet mot bruk av eld utandørs oppheva klokka 12 i dag.

– Det betyr at frå tysdag 27. juni klokka 12 er det igjen lov å tenna eld og grilla på kommunen sine tilrettelagde bål- og grillplassar, i offentleg tilgjengelege parkar og friluftsområde og på tilrettelagde badeplassar, der ikkje andre reglar gjeld, seier brannsjef Espen Storum i ei pressemelding.

Det ekstraordinære forbodet tredde i kraft laurdag 16. juni, og blei ståande gjennom blant anna sankthansaftan.

– Vi vil minna alle innbyggarane på at det generelle bålforbodet gjeld framleis.

Dette betyr at det er forbode å tenna eld i eller nær skog og anna utmark i perioden frå 15. april til 15. september.

– Vi oppmodar alle til å vera merksame og ta naudsynte førebyggjande tiltak for å unngå brannar.

Brannvesenet vil samtidig takka alle innbyggarane for at dei har vist forståing og vore varsame i den ekstra tørre perioden.

– Dykkar bidrag har vore avgjerande for å redusera risikoen for brann og for å sikra tryggleiken til lokalsamfunnet vårt, avsluttar Storum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.