Politi | 26. apr. 2023

To fartskontrollar i Os i går

Stilte seg opp på Halhjemsvegen og Byvegen.

To fartskontrollar i Os i går
Ut av Skogafjellstunnelen retning Os. (Arkivfoto: Eirin Eriksen Horvei)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. apr. 2023 06:57

Tysdag rundt klokka 19.45 hadde politiet fartskontroll med laser i 80-sona utanfor Skogafjellstunnelen retning frå Bergen mot Os.

– Det blei skrive ut fem forenkla forelegg, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Høgaste målte fart var 95 km/t. Det fører til 4.800 kroner i forelegg.

Ved éin km/t høgare fart ville det også blitt to prikkar på førarkortet, men vedkomande kom seg prikkfritt gjennom fartskontrollen.

Litt før 22.30 på kvelden var det fartskontroll i ei 60-sone på Byvegen. Det står ikkje notert kvar.

Resultatet blei to forenkla forelegg.

Høgaste fart var 73 km/t, noko som fører til 5.400 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet.

I 12.30-tida tysdag fekk politiet melding om to parkerte bilar på Osbrua på Hatvikvegen. Patrulje rykte ut utan å finna bilar parkert på brua.

Midtsiden kjenner også til at politiet sto på vekta i 70-sona på Halhjemsvegen i 21-tida, med observatør nær brua på Moberg. Rapport frå denne kontrollen har ikkje kome.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.