Samferdsle | 24. aug. 2022

Os går på reservevatn

– Ber deg bruka lite vatn.

Os går på reservevatn
Tanken ved hovudreinseanlegget er ein av fire som i dag er i bruk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. aug. 2022 08:32

Bjørnafjorden kommune har lekkasje på den største av to leidningar med råvatn frå Krokvatnet inn til hovudreinseanlegget.

– Lekkasjen blei oppdaga for nokre dagar sidan, og er no lokalisert, seier einingsleiar Agnete Haugland.

Bildeserie:

Leidningsbrotet er her, på eller nær Sanden og Sandholmen i Gåssandvatnet. (Kommunekart/Norkart)
Leidningsbrotet er her, på eller nær Sanden og Sandholmen i Gåssandvatnet. (Kommunekart/Norkart)
Abonnentar i dette området er berørt. (Kart: BF kommune)
Abonnentar i dette området er berørt. (Kart: BF kommune)
1 av 2

Tysdag kveld sendte kommunen ut varsel via teksmelding om bruk av reservevasskjelder i dag, onsdag 24. august, mens reparasjon pågår.

– Vi oppmodar deg difor til å begrense vassforbruket så mykje som mogeleg denne dagen, slik at vi unngår å gå tom, skriv kommunen i meldinga og på eiga heimeside.

Ny vasstank i St Hanshaugen er enno ikkje i drift, i dag er det tanken ved hovudreinseanlegget på Hetleflåten som saman med tank i Askvik, på Bjørnen og i Varåsen det blir tappa frå.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.