Skyting | 21. jan. 2022

Lyssand er tatt ut til EM

Yngstemann frå Noreg i sin klasse.

Lyssand er tatt ut til EM
Tobias under NM, der han tok gull. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. jan. 2022 07:02

Tobias Austevoll Lyssand, som tok NM-gull i november, er tatt ut til EM.

Norges Skytterforbund har tatt ut 46 skyttarar, pistol og rifle, til EM Para 10 meter og EM 10 meter.

Uttaket blei gjort etter to vurderingsstemne på Jessheim i helga som var.

– Vi måler den sportslege kvaliteten først, og innstiller skyttere som har reelle muligheter for finale, seier sportssjef Tor Idar Aune ifølgje skyting.no.

Tobias sette ny personleg rekord, 632,4 poeng, i siste trening før han reiste på stemna.

På Jessheim blei det ikkje full klaff, men 626,5 poeng var godt nok.

– Dette er stort! Han starta med luftskyting for berre to år sidan, etter nokre år med krut i DFS (Os Skyttarlag).

– At han klarer å halda på dette nivået, gjennom ein pandemi med mykje avlysingar av trening og stemne, imponerer meg, seier Jan Kristian Evensen i Os Sportsskyttarlag.

Tobias, som fyller 16 år i august, er yngstemann av dei fem norske som er tatt ut i klassen «rifle para menn senior». Dei andre er rett nok berre nokre få år eldre, med unntak av ein i slutten av 30-åra.

Rifle para menn senior
Martin Sørlie-Rogne, Kisen MSL (17)
Tobias Austevoll Lyssand, Os Sportsskytterlag (15)
Vegard Sørlie Krogsæther, Nøtterø Skytterlag avd NSF (17)
Magnus Himle-Hopland, Vestre Bærum SSL (16)
Daniel Walø, Vestre Bærum SSL (37) WILD CARD

EM blir arrangert i Vikingskipet på Hamar 13. til 18. mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.