Tok akkar ved Ytterøya
Hans var på fisketur med kona då han sula opp ein blekksprut.


Hans Solheim, som bur i England, er på ferie i heimlandet. Fredag reiste han ut frå fritidsbustaden sin på Lepøsy for å fiska, og fangsten blei av overraskande sort.
På snøre hang ein akkar.
Midtsiden har ikkje lykkast i å få kommentarar frå fiskaren, men han har samtykka i at naturfotograf Oddmund Lunde fekk senda bilde til lokalavisa.
– Hans var på fisketur saman med kona. Dei fiska utanfor Ytterøya då han fekk akkaren på kroken, fortel Oddmund.
• VIDEO: Denne akkaren ville ikkje på land (Fusa, 2016)
Begrensa fiske etter 1985
Akkaren (Todarodes sagittatus) lever frå overflata ned til 4000 meter, i store stimar, og beiter på mesopelagiske fiskearter i tillegg til krill, reker og andre artar av blekksprut.
Akkar er mat for blant anna kval og sel.
• Les òg: Fann død sel i Bjørnafjorden
Det er statistikk på fiske etter akkar i Noreg frå 1949. Fram til 1985 blei det tatt opp mot 18.000 tonn i året, men dei siste 35 åra har det utvikla seg til å bli avgrensa mengder.
Tradisjonelt har akkar blitt brukt som agn eller dyrefôr, men i seinere år har ei aukande mengd internasjonalt gått til konsum.
Blir berre eitt år gamal
Den største akkaren som er fanga i norsk farvatn er, ifølgje Havforskningsinstituttet, 59 cm (kapplengde) og vog 5,3 kg.
• Les òg: Fekk stor og aggressiv akkar på kroken (Sandholmane, 2015)
Akkaren veks fort, om lag 1,8 mm per dag, men blir berre litt over eitt år gamal.
Havforskningsinstituttet har lite informasjon og data om kor stor akkarbestanden er i norske farvatn.