Politi | 04. jan. 2023

Tok beslag i ferskt førarkort

18-åringen hadde nokre prikkar frå før.

Tok beslag i ferskt førarkort
Bilførar blei målt til 69 km/t i 50-sona på Hatvikvegen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. jan. 2023 08:36

Tysdag i 15-tida hadde politiet fartskontroll i 50-sona på Hatvikvegen.

– Éin bilist blei stoppa. Vedkomande blei målt til 69 km/t i 50-sona, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Det fører til 6.000 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Men bilførar er berre 18 år gamal, og i prøvetida, og fekk dermed 6 prikkar på førarkortet.

Han hadde prikkar frå før, og passerte grensa på 8 prikkar. Dermed blei det tatt beslag i førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.