Tre velta over Lyseklostervegen i natt

Uvêret Gyda sette ikkje store spor i Os.

Treet velta nær svingen nærmast Lyse kloster-ruinane retning Åsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. jan. 2022 08:12

Klokka 00.52 natt til fredag varsla Vegtrafikksentralen om velta tre på Lyseklostervegen.

Treet sperra ikkje heile køyrefeltet. Personbilar kom forbi, men større køyretøy kunne fått problem med å passera.

Fredag morgon er treet rydda vekk.

Oppdatert: Politiet fortel at det også kom melding om velta anleggsgjerde i Hegglandsdalen. Det var klokka 00.29.

  • Har vêret gjort skade der du er? tips@midtsiden.no

Dette var einaste to varsel i Os i natt, men det kom rapport om problem fleire andre stadar:

  • Fleire vegar nord for Sognefjorden blei stengte grunna gjenstandar i vegbanen eller fare for ras
  • Ferjene Manheller-Fodnes og Anda-Lote blei innstilte og fjellovergangane Hardangervidda og Hemsedalsfjellet blei stengte.
  • Både E16 mellom Bergen og Voss, rv13 frå Voss til Granvinm rv13 mellom Lofthus og Odda og fv79 nær Fyksesund bru har hatt hatt problem med stein og is i vegbanen.

Vegtrafikksentralen melder fredag morgon av vêret har løya noko.

Vindstille laurdag - våt søndag

I Os skal vindstyrken ned frå 6 til 3 m/s (frå nordvest) på dagtid. Det skal letta og bli nærmast skyfritt.

I ettermiddag er det venta 1 til 2 m/s og overskya.

Også laurdag blir vindstille, men med fare for nokre regnbyger på ettermiddagen.

Søndag skal det blåsa opp igjen, då er det venta over 8 m/s vind, frå sør om morgonen, vest midt på dagen og nordvest på ettermiddagen.

Over helga er det meldt stille og vindfullt omtrent annakvar dag, med ein del nedbør i starten på veka, men kaldare og fare for snø onsdag kveld, lettskya og sol torsdag.

Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.