Lokal | 13. jan. 2020

Tryggleik og komfort under Knutabruo

Brukameratane har fått redningsbøye og bygd ny benk. Samtidig har dei ei bøn til brukarane av området.

Tryggleik og komfort under Knutabruo
Ny sitjegruppe (t.h.) og livredningsbøye er no på plass ved den minste gapahuken. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. jan. 2020 10:38

Bildeserie:

Når elva er høg, går ho forbi gapahuken.
Når elva er høg, går ho forbi gapahuken.
... og vaskar med seg fliser og bark. Men no kjem det grus i staden.
... og vaskar med seg fliser og bark. Men no kjem det grus i staden.
Heimesnekra benkar og bord av kortreist tømmer.
Heimesnekra benkar og bord av kortreist tømmer.
1 av 3
Når elva er høg, går ho forbi gapahuken.
... og vaskar med seg fliser og bark. Men no kjem det grus i staden.
Heimesnekra benkar og bord av kortreist tømmer.

I oktober 2015 blei 50 meter lange og 12-14 meter høge Knutabruo opna, eit privat initiativ av dugnadsgjengen «Brukameratane», overrekt til Os kommune.

Året etter bygde Brukameratane ein gapahuk nede ved Oselvo, og i 2017 var det opning av ein større, arkitektteikna gapahuk oppe ved brua.

– Vi gler oss over at området er mykje i bruk, seier Peder Fløysand.

Han er saman med Harald Døsen og Bernt Norevik framleis aktiv som brukamerat, og driv vedlikehald og stell i området på frivillig basis.

– Det har vore nokre foreldre som har vore litt urolege for at ungane skal ramla i elva. Vi kontakta Vesta, som var raske med å gi oss ein bøye.

– Folk må naturlegvis vera varsame, spesielt når elva er høg, men det gjorde godt å få ein redningsbøye på plass.

Flaum forbi gapahuken

På staden har brukameratane òg bygd ei ny sitjegruppe, bord og benkar av kortreist og sjølvsaga tømmer.

– Denne er tung og god, og vil neppe flytta seg sjølv omelva av og til kjem inn på plassen.

Ein tørrmur bygd i etterkant bremsar elva dei dagane det er flaum. Men den hindrar ikkje flaumen å ta med seg sagflisa som ligg på bakken.

– Derfor vil vi no spa grus utover plassen, den blir nok liggande.

Ungar som bruker kniv

Brukameratane har tidlegare felt nokre tre i området, både i samband med bygging og for å gi god utsikt frå stien mot elva.

Men dei ønskjer at turgåarar er meir varsame med kniven.

– Det er jo kjekt at ungar får spikka litt når dei er på tur, men vi ser dessverre ein del sår og døyande grantre i områda rundt gapahukane.

– Vi vil be foreldre og ungar om ikkje å skjera bark eller greiner av trea i området, spesielt bartrea bør få stå i fred. Kapp heller med nokre greiner på veg til gapahukane, så ikkje vi får mange ribba eller rotne tre i dette området.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.