Festivalar | 31. mars 2022

Tysnesfest slepp to til

Ropstad og Eidsvåg til Gjerstad Arena.

Tysnesfest slepp to til
Erlend Ropstad. (Foto: Grethe Nygaard)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 31. mars 2022 16:00

Pressemelding:

Erlend Ropstad har lagt stein på stein i sin 17 år lange musikkarriere. No er han endelig klar for Tysnesfest!

Han blir omtala som ei klippe og ein kolossal artist innan norsk rock. Sakte, men sikkert har han gått frå support-jobbar på små klubbar her heime og i Europa, og gjennom hundrevis av konsertar har han no spela seg til Øyfestivalen sin hovudscene, utselte konsertar på Rockefeller og ikkje minst Tysnesfest 2022!

I april 2021 gav han ut sitt foreløpig siste album «Da Himmelen Brant Var Alle Hunder Stille», som blei hylla med terningkast 6 i Dagsavisen, Dagbladet, NRK Sørlandet os elles utelukkande gode tilbakemeldingar og heftig radiospeliong.

Erlend sin reflekterande og trygge personlegheit i kombinasjon med kompromisslaus låtskriving gjer at han av stadig fleire blir skildra som norsk rocks fremste eksponent for sjangeren.

I 2019 blei Ropstad krona med Prøysenprisen, og albumet «Brenn Siste Brevet» blei kåra til årets beste norske album uansett sjanger i Dagsavisen si prestisjefylte liste laga av 50 musikkjournalistar.

Erlend Ropstad tek deg med inn i rockens verden laurdag 9. juli på Gjerstad Arena!

Eidsvåg: Frå isj til ekte

Bjørn Eidsvåg tar med seg fullt band og sin slagerkatalog når han kjem tilbake til Tysnesfest.

– Eidsvåg var med oss når me gjennomførte minifestivalen Tysnesfest-isj i 2021, og me blei einige med han der og då at han måtte koma tilbake i 2022 og spela for mange tusen på Gjerstad! seier dagleg leiar i Tysnesfest, Øystein Vaage.

Dei siste åra har Bjørn Eidsvåg spelt teaterforestillinga «Etterlyst: Jesus» på scenar over heile landet, fylt sjølvaste Operaen tre gongar, stått på ei rekkje festivalscenar, gitt ut bok og lagt ut på ein nærast utseld norgesturné saman med Sigvart Dagsland.

Med 25 studioalbum og eige hyllestalbum har Eidsvåg opparbeida seg ein heilt unik posisjon i norsk musikkliv. Han har skrevet ei rekkje udødelege låtar som fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til.

I tillegg har Eidsvåg ei unik formidlingsevne både som songar og historieforteljar, noke som får publikum til å vende tilbake år etter år.

– Ein konsert med Bjørn Eidsvåg og bandet er ei oppleving som passar like godt i Oslo Spektrum som i kyrkjer, kulturhus og festivalar over det ganske land.

Bjørn Eidsvåg speler på Gjerstad Arena fredag 8. juli 2022

Til no er følgande artistar lansert til Tysnesfest:

Torsdag: Plumbo, Hagle, Halva Priset, Soppgirobygget, Helene Olafsen, Staysman

Fredag: Bjørn Eidsvåg, Chris Holsten, CC Cowboys

Laurdag: Erlend Ropstad, Ronan Keating, Synne Vo, Kjartan Lauritzen, TIX

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.