Uhell på motocrossbanen
Gut køyrde utfor, slapp nesten uskadd frå det.
Søndag rykte lege og ambulanse ut til motocrossbanen i Kolskogheiane.
Verken politi eller klubbleiinga hadde høyrd om uhellet då Midtsiden tok kontakt, men formann Sindre Midtun har no sjekka opp.
– Det er ein gut i tenåra som har køyrd utfor banen. Dei andre på staden fryta ei stund at han hadde brote noko, men så reiste han seg på beina og gjekk opp på banen igjen, fortel Midtun.
Han blei tatt til legevakt for sjekk.
– Eg har snakka med foreldra i kveld. Han har slått seg, men det var ingen brot.
Få uhell på trygg bane
Os MC & MX klubb har medlemmar i ulike aldrar, fleire av dei beste køyrarane har starta å køyra motorsykkel frå dei var 5-6 år gamle.
– Sjølv om det er motorsport med hopping, forbikøyringar og krappe svingar, er det få uhell. I Os har vi vore spesielt heldige, men det hender jo at vi får eit armbrot eller ein skadd fot, seier formannen.
Den nye banen som opna i 2018 skal vera bygd spesielt trygg.
– Samtidig er det viktig med godt vedlikehald og godt vakthald. Vi har fleire vaktar ute mens utøvarane køyrer, sånn at ein eventuell velt ikkje skal føra til problem for dei som kjem bak, forklarer formannen, glad for at det gjekk bra også i dag.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.