Politi | 13. mars 2023

Ulykke på Hatvikvegen

To bilar er involvert.

Kollisjonen skjedde på Hatvikvegen, bilane blei raskt køyrde inn i Stølsvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. mars 2023 14:35

Vest politidistrikt melder om følgjande:

#Os #Stølsvegen kl 1510: nødetetane er på staden i samband med melding om ei trafikkulykke. 2 bilar involverte. Førar av begge bilane er oppegåande, uvisst skadeomfang utover det.

Google Maps si trafikkovervaking rett etter uhellet.

Rett etter uhellet såg det ut til å danna seg kø, men bilane kom raskt ut av vegbanen.

Ambulanse og legevakt gjorde også tidleg retur frå staden.

Den eine av dei to involverte bilane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Den eine bilen hadde retning Os då ein annan bil kom ut frå Solstrandvegen og køyrde i bakfrå, fortel politiet på staden.

– Farten var låg, og ingen er alvorleg skadd.

Det var to personar i bilen som blei blei påkøyrd. Passasjeren i bilen, ein vaksen mann, klagde over smerter i hovudet etter kollisjonen.

Det var ingen passasjerar i den andre bilen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.