Lokal | 16. mars 2020

To unge menn på køyretur utan lappen

Politiet har i helga òg sjekka båthamner og fått melding om stolen og funnen sykkel.

To unge menn på køyretur utan lappen
Politiet fekk melding om sykkeltjuveri på Amfisenteret, men eigar fann sykkelen igjen sjølv. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. mars 2020 09:31

Fredag ettermiddag, litt før klokka 18, fekk politiet melding om tjuveri av sykkel. Sykkelen sto låst utanfor Amfisenteret, men nokon knekte opp låsen og stakk av med sykkelen.

– Det er ein sykkel i høg prisklasse. Heldigvis dukka den opp igjen. Eigar gjorde nokre undersøkingar sjølv, og klokka 22.20 same kveld fekk vi melding om at sykkelen var funnen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

To bilførarar utan lappen

Laurdag ettermiddag, litt før klokka 18, stoppa politiet ein bil med to gutar i. Den eine er rett under 18 år, den andre er rett over, men ingen av dei har førarkort.

– Vi mistenker begge for å ha køyrd bilen, og har oppretta to saker. Foreldra til han under 18 år blei tilkalla.

Tidlegare same dag brukte politiet fire timar på å finna førar som stakk frå staden etter uhell på Lepsøyvegen.

Påkøyrd hjort

Søndag klokka 22.40 fekk politiet melding om påkøyrd hjort på Gåssandvegen.

Bilen hadde låg fart, og verken bil eller førar blei skadd.

Hjkorten reiste seg og stakk frå staden, men politiet varsla viltkontakt for vidare dialog med bilførar og eventuelt ettersøk.

Hamnepatrulje og vêrbøye på rek

I førre veke blei det oppdaga tjuveri av to store motorar frå båtar på land i ei hamn på Strøno.

I helga, i 4-6-tida om morgonane, var politiet på patrulje i båthamner på Strøno, i Øyane, på Særvoll, Halhjem og Hatvik.

Søndag i 9-tida fekk dei, via brannvesenet, melding om vêrbøye på rek. Ein av bøyane som registrerer data i samband med utgreiing av bru over Bjørnafjorden, sleit seg frå Bjørnatrynet og hamna på rek retning Os.

Vegtrafikksentralen blei varsla, og bestilte henting av bøyen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.