Samferdsle | 22. sep. 2021

Kontroll på Halhjem og i Hjellemarka

Delte ut fire mangellappar, tre bruksforbod og to gebyr.

Kontroll på Halhjem og i Hjellemarka
Statens vegvesen, her på E39 ved Hjellemarka/Storestraumen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. sep. 2021 05:55

Statens vegvesen hadde trafikkontroll to stadar på E39 i Os måndag.

Til saman på Halhjem og i Hjellemarka var det 64 køyretøy som passerte kontrollplassane.

Det blei sett nærmare på 19 av desse, 14 tunge og 5 lette køyretøy.

– Alle blei kontrollert for begjæringar, altså manglende EU-kontroll, forsikring, omregistrering og årsavgift, fortel Terje Bødtker i rapporten.

Dette er resultata:

  • Ein bilførar og ein passasjer fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte.
  • Tre køyretøy fekk bruksforbod. Årsakene var mangel på bremseskive, manglande vognkort og ikkje godkjent periodisk køyretøykontroll.
  • Det blei skrive fire mangellappar som handla om bremseskive og lys.
  • Fem sjåførar blei kontrollert for køyre- og kviletid, to av dei fekk åtvaring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.