Politi | 01. juni 2022

Urinerte og røykte om bord på buss

Var på veg frå Haugesund til Bergen, men blei taua inn på Halhjem.

Urinerte og røykte om bord på buss
Politiet tok hand om mannen då bussen kom i land på Halhjem. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. juni 2022 07:41

Tysdag i 13.40-tida fekk politiet melding om uro på ein buss på veg frå Haugesund til Bergen.

Ein mann var til sjenanse for dei andre passasjerane, ikkje minst då han røykte og urinerte inne i bussen.

– Vi sendte ein patrulje til Halhjem som tok hand om mannen då bussen kom i land med ferje frå Sandvikvåg, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Mannen, som er i 50-åra, blei køyrd heim til Bergen.

Busselskapet vurderer å melda vedkomande.

Fellesmøte med bussjåførar

Politiet kunne ta dei ferske opplevingane med seg i relevant møte.

Tysdag kveld hadde nemleg politiet samarbeidsmøte med bussjåførar i og rundt Os, for å diskutera korleis dei kan handtera vanskelege situasjonar og hendingar om bord på og utanfor buss.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.