Politi | 19. nov. 2023

Utrykking til ungdomshus - men der var festen over

Fekk melding om fulle ungdomar og amper stemning.

Utrykking til ungdomshus - men der var festen over
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. nov. 2023 09:56

I 01.40-tida natt til søndag fekk politiet melding om amper stemning og fleire mindreårige festdeltakarar i eit ungdomshus i Os.

– Det var òg snakk om at enkelte hadde inntatt narkotika, så også ambulanse blei tilkalla, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Då politi og ambulanse kom fram var festen avslutta. Det var heller ikkje folk på staden.

Ein god time tidlegare på natta, rundt klokka 00.30, fekk politiet melding om ein full mann i 50-åra som såg ut til å ha behov for hjelp.

– Han skal ha lagt i ein busk eller hekk før han sjangla ut i vegbanen. Oppdrage blei gitt vidare til helsevesenet.

Klokka 04.50 fekk politiet klage på høg musikk i eit nabolag nord for Os sentrum. Det skal ha løyst seg utan at politiet blanda seg inn.

Litt over 07.30 i dag kom det melding om ein hund som sto bunden fast i Os sentrum.

Politiet fann hunden, kjente den igjen og køyrde den heim til eigar.

– Hadde eigar gløymd den?

– Det er uvisst kva som har skjedd, men den har det bra no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.