Politi | 13. juni 2022

Væpna aksjon: Mannen er no ute av huset

Politiet har omringa ei adresse. Fleire ambulansar er òg på staden.

Væpna aksjon: Mannen er no ute av huset
Innsatsleiar Christian Meyer tok imot forsterkingar i 07.15-tida. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. juni 2022 05:34

Oppdatert kl 11.23: Politiet opplyser no, ifølgje BT, at mannen har kome ut av huset. Det skjedde utan dramatikk. Han er tatt hand om, og skal innom legevakt for sjekk før vidare oppfølging.

Oppdatert kl 08.25: Politiet har utvida sperreområdet og styrka bemanninga på staden. Ifølgje NRK trur dei no at mannen er væpna, og skildrar situasjonen som farleg.

Bakgrunn:

Måndag morgon står det fleire politibilar og ambulansar nær eit nabolag langs Byvegen. Delar av ein gangveg er sperra med politiband.

– Ein mann i 40-åra kom med nokre trugslar søndag kveld. Vi rykte ut, og har vore ved bustaden hans sidan 00.30-tida i natt, seier innsatsleiar Christian Meyer.

Politiet har ikkje mistanke om at det er andre personar i bustaden. Trugslane er retta mot nokon utanfor husstanden.

– Det har vore lite dialog gjennom natta, dessverre. Vi ønskjer kontakt med vedkomande, men har det ikkje travelt.

Aksjonen pågår langs E39. Gangveg er sperra, men trafikken på Byvegen går som normalt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Aksjonen pågår langs E39. Gangveg er sperra, men trafikken på Byvegen går som normalt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Politistyrken auka på morgonen, med minst seks bilar på plass.

Politiet er væpna, også hundepatrulje og skarpskyttar er på staden. Det same er tre ambulansar.

– Det har med alvorsgraden i trugslane å gjera, og historikken til vedkomande.

Politiet var på adressa også i februar i år.

Det er ukjent om vedkomande har våpen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.