Sport | 08. mars 2020

– Var eg god i dag? Pappa har fasiten

I fem år har Terje ført statistikk på dottera, Os sin keeper Siri Eide Børtveit.

– Var eg god i dag? Pappa har fasiten
Siri får fasiten av pappa Terje. I går var statistikken rekordgod. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. mars 2020 11:03

Keeper Siri Eide Børtveit frå Stord kom frå Årstad til Os halvvegs i sesongen. Ho har vore ei sentral brikke i suksessen etter jul, og blei kåra til dagens Os-spelar etter gårsdagens femte siger på rad. Over tabelltoar Bjørnar.

– Eg trur 75 prosent er personleg rekord, i alle fall i 3. divisjon, sa Siri etter kamp.

Ho auka redningsprosenten frå 57 til 75 frå første til andre omgang. Dei imponerande tala er inkludert fire baklengs frå 7-metersmerket og éi strafferedning. Etter pause sleppte ho inn berre to spelemål dei 25 minutta ho spelte.

Statistikken får ho verken av trenar eller sekretæriat, det er pappa Terje som har orden på tala.

– Gjorde det kjekkare å sjå kamp

Terje ser kanskje ut som om han både er høg nok og sprek nok til at han bakgrunn som toppspelar, men han har ikkje bakgrunn som handballspelar.

– Eg byrja å ta notatar på eige initiativ. Vi har alltid likt å sjå kamp, seier han på vegne av seg sjølv og kona - men det blei jo ekstra interessant å følgja med då eg byrja å ta notatar.

Dei ser det meste av kampar, men statistikkføringa har ikkje gitt Terje kjensla av at han er pressa til å vera med på alt.

– Eg var for eksempel ikkje med til Dale. Fire timar frå Stord blei for drygt, seier han og ler.

Til inspirasjon og trøyst

Siri har blitt vant med å få fasiten servert, og er rask med å be om redningsprosenten etter kamp.

– Også om det er ein dårleg dag?

– Ja, han kjem med den uansett, også dei dagane eg ikkje ber om den!

– Nokre gongar kan eg ha trudd at eg sto bra, og så kjem tala og jekkar meg ned. Men som oftast går det den andre vegen, at eg trur det har vore ein dårleg dag, og så seier statistikken at det for min del ikkje var så verst.

Siri ber òg om statistikk i løpet av kampen, med søkande blikk til tribunen får ho svar.

– Korleis går det å forstå tosifra tal med teiknspråk midt i kampen hete?

– Ha, ha! Nei, eg får antal redningar, ikkje prosenten. Den får eg etterpå, forklarer Siri.

Den nye helten på Os sitt damelag takkar lagvenninnene for den gode statistikken.

– Eg er vant med å styra forsvaret mykje, men dei var allereie knallgode i forsvar då eg kom. Eg stortrivst på Os, både med lagvenninnene og med det fantastiske publikummet. Eg har ikkje vore med på liknande stemning før!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.