Politi | 25. aug. 2023

Var på veg for å sjekka skuleveg i Lysefjorden - fekk utrykking til elev i Hagavik

– Det var heldigvis ikkje alvorleg. Det har også gått ganske greit ved skulestart fleire plassar.

Var på veg for å sjekka skuleveg i Lysefjorden - fekk utrykking til elev i Hagavik
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. aug. 2023 08:37

Politiet har ikkje noko å melda frå torsdag, men har nokre notisar frå fredag morgon.

Først, klokka 07.47, kom det melding om mogleg oljesøl i påkøyringsrampen ved Skogafjellstunnelen retning Bergen.

Politiet varsla Vegtrafikksentralen, som igjen sendte ut entreprenør.

Så gjekk turen til Lysekloster barneskule, men med ei omkøyring via Strønevegen.

– Eg var kome til Ulven leir då vi fekk utrykking til Strønevegen ved Hagaviksbakken, fortel politibetjent Sindre Lekven Hallem.

Meldinga gjekk ut på at ein unge på sykkel låg i bakken, og kanskje var påkøyrd.

– Vedkomande var heldigvis ikkje skadd. Sånn vi forsto det var det to barneskuleelevar på kvar sin sykkel som hadde kome borti kvarandre, og så hadde den eine velta.

Har vore ute på fleire skular

Torsdag i førre veke var første skuledag i grunnskulen.

Politiet har vore ute på fleire skular på morgonen, for å sjå korleis trafikken flyt.

– Vi har vore på Halhjem, Kuventræ, Lunde og Lysekloster, og skal besøka dei andre i løpet av dei neste dagane.

Så langt har det ikkje vore nokre reaksjonar ute på skulevegen. Men politiet har notert seg nokre ankepunkt.

– Eg kom litt seint til Lysefjorden i dag, grunna utrykkinga til Hagavik, men fekk ein prat med rektor.

Rektor kunne fortelja om ei utfordring med krysset der bussen skal ut og foreldre køyrer inn.

– Det krysset har dårleg sikt og kan vera utfordrande, og utfordringa blir større av at enkelte som skal levera i barnehagen vel å svinga inn allereie her, og køyra over parkeringsplassen langs baksida av tribunen i staden for i bilvegen.

Vil ut igjen på Halhjem

Også rektor på Halhjem har fortalt politiet om kvar det kan bli farlege situasjonar.

– Der er det visst enkelte foreldre som parkerer på lærarane sin plass for så å rygga ut der andre elevar kjem gåande.

– Vi skal ut igjen på Halhjem og sjekka forholda.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.