Lokal | 30. mai 2022

Vêromslag og gode meldingar for pinsehelga

No skal også temperaturen litt opp.

Vêromslag og gode meldingar for pinsehelga
Ulvenvatnet i dag. (Foto: Nicholas Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. mai 2022 06:45

Etter ei 17. maifeiring i sol og over 20 gradar, har vi hatt mykje nedbør og lite varme i Os.

I dag har det snudd.

Ulvensletta måndag morgon. (Foto: Nicholas Forstrønen Bruarøy)
Ulvensletta måndag morgon. (Foto: Nicholas Forstrønen Bruarøy)

Med unntak av nokre dropar måndag kveld og natt til tysdag er det meldt samanhengande opphaldsvêr frå i dag til ut i neste veke.

Måndag og tysdag skal bli lettskya, onsdag til fredag ettermiddag skal bli skya og pisehelga ligg an til å bli solrik.

Temperaturen skal opp i 18 gradar i dag, 17 gradar tysdag og 13-14 gradar resten av veka.

Denne veka skal også badebrygga til kommunen slepast ut og forankrast i Mobergsvikjo for sesongen:

Badebrygga, som var ny i fjor, har lagt i le innanfor gamlemoloen på vestsida av hamna gjennom vinteren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògHar gjort justering på stupebrettet

I Oslo er det meldt 23 gradar til helga - kanskje «smittar» dei varme meldingane over til Vestlandet når det nærmar seg pinse?

I godvêrsperioden i april trefte Yr best på temperaturen, Storm på nedbøren,så vidt vi hugsar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.