Vêret i Os | 24. apr. 2022

Mykje lys - ein del varme

Kva blir den finaste dagen i neste veke?

Mykje lys - ein del varme
Os hamn i 12-tida i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. apr. 2022 09:27

Det fine aprilvêret som starta i påsken held fram ut månaden.

Det er på langtidsvarselet meldt opphaldsvêr og lettskya til og med søndag 1. mai, men regn måndag 2. mai.

Vi får også fleire dagar med varme. Temperaturen har i helga lagt på oppunder 20 varmegradar.

Til i dag var det meldt 14 gradar, måndag er det venta 13 gradar, tysdag skal det bli 15 gradar.

Frå onsdag og ut veka skal det bli kaldare, ned i 8-9 gradar.

Måndag blir delvis skya, tysdag er venta å bli skyfri.

Fleire av dei siste dagane har vore vindstille. Også laurdag starta med speglblank fjord, men det bles litt meir utover ettermiddagen.

Sånn er det også venta å bli dei fleste dagane i neste veke,med under 2 m/s tidlega på dagen og rundt 4 m/s på ettermiddagane.

  • Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent

Skal du sjøsetja båt denne veka?

Det er flo i 08-09-tida og 20-21-tida dei neste dagane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.