Lokal | 09. feb. 2019

Vil ha to ny gangbruer over Oselvo

Men kva bru bør byggast først?

Vil ha to ny gangbruer over Oselvo
Harald Døsen (Ap) og Siren Tømmerbakke (Sp) har kvar sin favoritt når det kjem til gangbru over Oselvo. (Foto/skisse: KVB/Os kommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. feb. 2019 10:02

Bildeserie:

Sånn kan ei bru snirkla seg frå Finnebrekka til Øyro. (Skisse: Os kommune)
Sånn kan ei bru snirkla seg frå Finnebrekka til Øyro. (Skisse: Os kommune)
Ei gangbru over elveosen og indre del av Os hamn står òg å ønskelista. (Skisse: Os kommune)
Ei gangbru over elveosen og indre del av Os hamn står òg å ønskelista. (Skisse: Os kommune)
1 av 2
Sånn kan ei bru snirkla seg frå Finnebrekka til Øyro. (Skisse: Os kommune)
Ei gangbru over elveosen og indre del av Os hamn står òg å ønskelista. (Skisse: Os kommune)

OBS: Kart og skisse over er med tenkt, framtidig bustadvolum.

I møte i arbeidsutvalet «Liv på Øyro 2» i førre veke fekk medlemmane presentert førebels arbeid med sentrumsplanen.

Henning Wenaas Ribe frå planutvalet i administrasjonen viste skisser og kulepunkt til politikarane, for å orientera, og for å få kommentarar før det vidare arbeidet før planen på forsommaren skal ut på høyring.

Les òg:
Steinneset kan få flytande sauna
Vil vurdera å bygga ny bru
Steinneset: Ny medeigar og ny fart i prosjektet

Ved sidan å vurdera å bygga ny versjon av gamle Osbrua (for bilar og tungtrafikk) frå Landboden til Borgavegen og Finnebrekka, er to gangbruer skissa inn.

Den eine går i elveosen, frå gjestebrygga ved vaskehallen til Esso og over til grøntarealet mellom Oselvarverkstaden og Oselvarnaustet.

Den andre går frå Finnebrekka, med tenkt ny sti mellom Orrebakken og Gamle Finnebrekka, over elva til området mellom Oshjørnet/Baronsgården og gamlebanken.

Høgde og prioritet

Det såg ut til å vera semje om at begge bruene skal stå i sentrumsplanen, men at det førebels ikkje er konkrete planar om å realisera nokre av bruene med det første.

– Plassering og misjon er òg i tråd med Asplan Viak sin første analyse av sentrum, der dei bland anna skildrar «elvedraget», sa ordførar Terje Søviknes (Frp).

Varaordførar Marie Lunde Bruarøy ytra skepsis til brua i elveosen, og påpeikte at den ikkje bør vera til hinder for til dømes oselvarar med segl som legg frå land ved Oselvarverkstaden.

– Nei, så låg kan ikkje brua vera, meiner Søviknes.

Siren Tømmerbakke (Sp) meiner brua ute i elveosen/hamna er mest realistisk å få bygd, og bør prioriterast først.

– Her er det allereie mykje liv, ikkje minst om våren og sommaren. Men mange av dei sit på vestsida. Med ei gangbru ville vi knytt vest og aust betre saman, i tillegg til at det blei enkelt tilkomst til planlagt oppgradert parkområde mellom Oselvarverkstaen og Oselvarnaustet, sa Tømmerbakke.

Harald Døsen (Ap) var ikkje heilt einig.

– Den øvste brua vil skapa meir liv på Øyro, då den går frå eit større nabolag og rett inn i sentrum.

– Kvar si målgruppe

Tømmerbakke sitt synspunkt fekk støtte i kommentar frå andre om vanskelege fotgjengarforhold og høg trafikk i krysset mellom Hatvikvegen og Hamnevegen ved Vinmonopolet. Ei gangbru ville gjort tilkomst tryggare og enklare for mjuke trafikanar.

– Vi har høyrd om fleire nesten-ulykker i krysset mellom Hatvikvegen og Hamnevegen bere dei siste månadane. Ei gangbru kunne løyst utfordringa i området, sa Gustav Bahus (Frp).

– Begge gangbruene har gode misjonar, men kvar si målgruppe. Den øvste gangbrua vil ta finnebrekkingane raskt inn i sentrum, den nedste vil få essokundane over på austsida, sa Bahus.

Han lufta eit forslag om å kopla ei gangbru på dagens bru for bilar, men interessa såg ut til å vera størst for noko som går direkte frå gjestebrygga og over til den komande oselvarparken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.