Festivalar | 18. des. 2022

Ylvis kjem tilbake

– Måtte bookast då dei skulle i manesjen igjen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. des. 2022 10:31

– Etter ein haust der nye låtar frå Sogn har blitt partyslagarar og gamle låtar har sendt dei til toppen av listene i Japan, er det ei glede å igjen presentera Ylvis på 2023-plakaten, seier Øystein Vaage i Stiftinga Tysnesfest.

– Det er ufatteleg gøy at me fekk dette til!

Fredag 14. juli skal brørne stilla med ein hitparade på Gjerstad.

– Det blir garantert gjenhøyr med gamle slagarar som Stonehenge og Egeland, og nyare hits som Skaol Skadle og Firkantfar.

– Og ingen bør bli overraska om det står både lunken mat og rev på menyen, seier Vaage.

Som i suksess-serien «Ylvis i Sogn» tar Vegard og Bård Ylvisåker med seg veslebror Bjarte, og eit solid lag av musikarar.

– Med nye låtar frå VGTV-serien og ei rekke virale hits på menyen, har vi mykje å sjå fram til når komikarane byr opp til fest.

Brødrene Ylvisåker - vokal og diverse instrument
Tarjei Støm - Trommer
Jonnny Sjo - Bass
Lars B. Devik - Tangenter
Kato Ådland - Gitar
Johannes Groth - Gitar

Frå før er Astrid S, Odd Nordstoga, Julie Bergan, Ka2, Den BB saman med Kevin Lauren booka til festivalen 12. til 16. juli.

To veker før er det Øyafest. Der er Tre Busserulls og Stavangerkameratene booka til no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.