Politi | 08. feb. 2023

18 tatt i tre kontrollar på Halhjemsvegen

Sjekka trafikken på ferjekaien, i 70-sona og i 80-sona.

18 tatt i tre kontrollar på Halhjemsvegen
Ein av patruljane som sto på post i 80-sona i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. feb. 2023 08:55

Politiet hadde fartskontroll to stadar på E39 Halhjemsvegen i går. I tillegg sjekka dei trafikken på Halhjem ferjekai.

Først, i 09.45-tida, sto dei i ei 70-sone på E39.

– Der blei det skrive fire forelegg. Høgaste fart var 92 km/t, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Det tilsvarer, med dei nye satsane, 9.100 kroner og tre prikkar på førarkortet.

Frå 11.20-tida målte dei farten i 80-sona frå Kolskogen mot Moberg.

– Her blei det skrive 12 forelegg. Høgaste fart i 80-sona var 100 km/t.

Vedkomande var 1 km/t å landa på same takst som den største syndaren i 70-sona, men «slapp unna» med 6.700 kroner og to prikkar på førarkortet.

Mellom dei to fartskontrollane var det promilletest på Halhjem ferjekai.

104 blei testa, alle var edrue.

– Men éin blei meldt for køyring utan fgyldig førarkort og éin blei meldt for køyring med hengar utan førarrett.

I løpet av formiddagen var politiet også oppom Lunde barneskule for å helsa på, som del av forebyggande arbeid.

– Patruljen blei godt mottatt av elevar og lærarar i storefri, fortel Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.