Politi | 27. mars 2023

6-7 personar i krangel og kamp - to stadar

Politiet rykte ut til både privat fest og konflikt på bensinstasjon.

6-7 personar i krangel og kamp - to stadar
Politiet rykte ut til 7 Eleven natt til søndag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 27. mars 2023 09:19

Laurdag i 23-tida fekk politiet melding om slåstkamp utanfor ei privat adresse sør for Os sentrum.

– Meldinga gjekk ut på at det var 6-7 personar involvert. Før patruljen kom fram fekk vi melding om at slåstinga var over, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.

Det var roleg på staden då politiet kom fram. Ingen var skadd og ingen blei meldt.

På adressa var det fleire tenåringar som hadde kome til ein privat fest dei ikkje var invitert på. Foreldra til nokre av dei blei varsla.

Konflikt i nattopen kiosk

Seinare på natta, klokka 01.35, fekk politiet melding om verbal konflikt og dårleg stemning mellom rundt seks involverte gutar i alderen 17 til 19 år.

Det hadde også vore fysisk konfrontasjon mellom to av partane.

– Ingen var skadd og ingen ville melda kvarandre. Foreldre til dei mindreårige blei varsla.

Fleire ubedne ungdomar fredag

Også fredag kveld var det ubedne gjestar under 18 år på ein privat fest sør for Os sentrum.

Politiet rykte ut og hjelpte til med å visa ubedne gjestar vekk.

Det blei også gitt pålegg om å halda festen i rolege formar.

Promillekontroll på Halhjem

Laurdag morgon, frå 07.40 til 08.30 blei det gjennomført promillekontroll ved Halhjem Kafé.

17 bilistar blei kontrollerte utan at politiet fann noko å reagera på.

Buss sto fast på Rød

Natt til måndag har det snødd tett i Os, måndag morgon sto ein buss fast på Rød.

Mindre bilar kunne passera, større måtte venta til bussen hadde fått berging.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.