Politikk | 19. feb. 2019

Årets første kommunestyremøte i kveld

Skuffande avkastningsrapportar, søknad til europeisk ordførar-netteverk og Ohara-rapport er blant sakene i kveldens møte.

Årets første kommunestyremøte i kveld
Ordførar og rådmann, her i kommunestyret i oktober. (Foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 19. feb. 2019 08:45

Då det siste kommunestyret for 2018 vart avvikla 18. desember i fjor, var det debuten for direktesendte politiske møte.

Møtet hadde godt med sjåarar, og vekte interesse frå Troms til Spania.

Også dagens møte blir direktesendt på Os sitt kommune-TV, med vising også her på Midtsiden frå møtestart klokka 17.

Må svara for seg

Hausten 2018 var avkastningsrapportane til Os kommune heller negativ lesning. Resultata vart tekne til orientering, men det var semje om at dette ikkje var som forventa.

Fleire politikarar har ytra misnøye over manglande avkasting i forhold til kor sjølvsikre forvaltarane var då dei selte seg inn for å få styra pengebingen til Os kommune.

I siste formannskapsmøte før nyttår, kunne ordførar Terje Søviknes fortelja at forvaltar av kommunen sine midlar, Gabler Investment Consulting AS, skulle koma i årets første kommunestyremøte og greia ut om ståa.

Europeisk ordførar-nettverk

Under kveldens møte vil kommunestyret bli beden av ordføraren om mandat til å søkja medlemskap i eit europeisk ordførarnettverk for samarbeid innan klima-, energi- og miljø, «Covenant of Majors».

Dette kan mellom anna vera ein økonomisk døropnar i samband med midlar til å bli «sykkel-by» - eller bygd om du vil.

Etterspurd Ohara-rapport

Ohara, Os kommune sitt nye kloakkreinseanlegg, har med åra blitt ei tjukk politisk bok.

Mykje er skrive om plassering, men det siste halvanna året er det kostnadssprekk det har handla mest om.

Anlegget, som etter planen skal starta med prøvedrift til hausten, har no ein estimert kostnad på 470 millionar, mot opprinnelege 230 millionar.

I møtet 30. oktober 2018 vedtok kommunestyremøtet følgjande:

«På bakgrunn av kraftig auke i O'Hara-prosjektet frå opprinneleg 230 mill., til ny foreslått ramme/prognose på 470 mill., ber kommunestyret rådmannen om, innan fire månader, ei brei og grundig redegjering til kommunestyret, med ein detaljert gjennomgang av prosjektet som tek for seg bl.a. planlegging, oppstart og gjennomføring. Ein ynskjer å få ein oversikt over endringar, utfordringar med tilhøyrande kostnadsmessige konsekvenser, her under endringar frå både politisk og administrativt hald. Bakgrunnen for redegjeringa er å finna læringspunkter for I oktober 2018 bestilte Os kommunstyret ein prosjektrapport for prosjekt OHARA.»

No er rapporten klar og kommunestyret vil få si orientering i kveld.

Elles skal kommunestyret innom forvaltningsrevisjon Os barnevern, rapport om ombygging av gamle sjukeheimen, Borgafjell skule, kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune og interpellasjonen frå AP om Os som eit demensvenleg samfunn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.