Politi | 19. aug. 2022

– Både avsendar og transportør blir meldt

Vegvesenet hadde kontroll i Os i natt.

– Både avsendar og transportør blir meldt
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. aug. 2022 06:52

3 lette og 18 tunge køyretøy blei sjekka då vegvesenet hadde kontroll på E39 Byvegen i Hjellemarka i natt.

– Tre køyretøy blei ilagt køyreforbod, opplyser Inge Knappskog.

Ein varebil hadde knekt bladfjør på bak-aksel. Det blei skrive ut mangelseddel og køyreforbod.

– En lastebil hadde farlig gods om bord (ADR), men manglet transportdokument på den farlige lasten, noko som er eit krav.

Det blei bruksforbodd inntil nødvendige dokument var på plass. I tillegg måtte det skaffast brannsløkkingsapparat før transporten kunne halda fram.

– Både avsendar og transportør blir meldt for forholdet.

Det blei også skrive ein rapport for manglande vektårsavgift.

Eitt køyretøy fekk mangelseddel for diverse tekniske manglar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.