Båt og sjøliv | 12. sep. 2022

– Båten bør nok flyttast

Nyopprusta gjestebrygge får bank.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. sep. 2022 13:45

Ei skøyte ligg og bankar mot gjestebrygga i Os hamn.

– Både båten og brygga kan bli skadd om den skal ligga lenge å vugga på denne måten, seier ein innringar til redaksjonen.

Båten låg også i gjestebrygga i helga, men då nærmare Osbrua. Måndag har det gått frå blikkstille til vind med styrke og retning som sender bølgjer innover i hamna.

No er den fortøydd i eit område sombløei skadd av stormen for nokre år sidan, og var nyopprusta i 2020.

Tipsar har varsla havnesjef på teknisk eining i Bjørnafjorden kommune, Midtsiden har prøvd å nå eigar per telefon.

Oppdatert: Hamnesjef Gitle Smaadal opplyser at han har fått tak i eigar og at båten er fjerna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.