Bjørnafjorden kommune | 07. mars 2023

Berre éin gong dei siste 19 åra har vi hatt færre fødde

Rekordlåg fruktbarheit i Norge - nedgang også i Bjørnafjorden.

Berre éin gong dei siste 19 åra har vi hatt færre fødde
Bjørnafjorden rådhus. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. mars 2023 10:33

Samla fruktbarheitstall(SFT) blei målt til 1,41 barn per kvinne i 2022.

Det er kraftig nedgang frå 1,55 året før, og det lågaste som nokon gong er målt i Norge.

– Auken i 2021 viste seg å vera ei enkelthending i det andre året av koronapandemien. Vi er no tilbake til trenden, med ein kraftig nedgang, seier Espen Andersen, seniorrådgiver i SSB.

I Bjørnafjorden kommune var det 244 nyfødde i 2022 mot 280 i 2021.

Talet i fjor er det lågaste sidan 2003, med unntak av 234 i 2019.

Ser vi tilbake til 1972 (Fusa og Os til saman før kommunesamanslåinga) hadde vi, per tiår, flest fødde i 1978 (253), 1981 (254), 1991 (266), 2008 (308) og rekordane 320 i 2017 og 317 i 2015.

Åra med færrast fødslar dei siste 50 åra var 184 i 1983 og 192 og 1975.

Nedgang i viktig aldersgruppe

I 2022 blei det fødd 51.500 barn i Norge. Det er 4.500 færre enn året før, og 1.500 færre enn i 2020, viser dei nye tala frå statistikken Fødte.

Ut frå det totale talet på fødslar reknar SSB ut samla fruktbarheitstal (SFT). Det er eit mål på kor mange barn kvinner i snitt kjem til å få i løpet av livet, så sant at fruktbarheitsmønsteret blir verande likt.

Sidan 2009 har SFT falt kvart år utanom 2021.

SFT gjekk ned for kvinner under 40 år, mens den var stabil blant kvinner som har passert 40.

Nedgangen er særlig stor for kvinner i alderen 25 til 34 år.

– At nedgangen er størst i desse aldersgruppene påverkar fruktbarheitstalet ekstra mykje, fordi det er i denne alderen det er flest kvinner som føder barn i utgangspunktet, sier Andersen.

  • Av kvinnene som fylte 30 år i 2022, altså 1992-årgangen, var det 54 prosent som ikkje hadde fått barn. For ti år sidan var tilsvarande andel 42 prosent.
  • Blant dei som fylte 35 år i 2022 var det 26 prosent som ikkje hadde fått barn. For ti år sidan var andelen 21 prosent.
  • I 2022 var SFT i Oslo rekordlåge 1,25 barn per kvinne.
  • Rogaland var, som i dei siste åra, fylket med den høgaste fruktbarheiten. Her var SFT 1,57 i 2022. Det var elles nedgang i alle landets fylker.
  • Våre nordiske naboland opplever også ein stor nedgang i fødselstala samanlikna med 2021.
  • SFT var høgast i Danmark og Sverige med 1,55 og 1,52 barn per kvinne i 2022.
  • Klart lågast er SFT i Finland med 1,32.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.