Politi | 30. sep. 2021

Buss køyrde i grøfta på Fanafjellet

Ingen skal vera skadd.

Buss køyrde i grøfta på Fanafjellet
Bussen skal ha køyrd utfor i dette området, nær Nordvikvatnet på Os-sida av Fanafjellet. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. sep. 2021 06:52

Torsdag i 06.30-tida opplyste Vegtrafikksentralen at ein buss har køyrd utfor på Fanafjellet.

– Det er passasje for personbilar, men ikkje større køyretøy, skriv vegvesenet på Twitter.

Ifølgje BT, som har snakka med Vest politidistrikt, er det eit udramatisk uhell. Det er heller ikkje nemt nokon personskade, og Tide har sjølv ordna med bilberging.

Oppdatert: Vegen var stengt ein periode mens berging pågjekk, men opna igjen rett før klokka 08.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.