Hamna oppå autovernet
– Bilen sto på vippen, men førar kom seg ut på eiga hand.

Tysdag i 12.50-tida fekk Midtsiden melding om trafikkuhell på Fanafjellet.
– Bilen sto sånn då eg kom til staden. Bilførar, ein eldre mann, sat bak rattet, men kom seg ut utan hjelp, fortel innringar.
Han skal ha vore åleine i bilen, og uskadd.
– Han forklarte at han hadde møtt ein buss, og måtte rygga for denne. Rygginga gjekk ikkje så bra, og bilen blei ståande å vippa.
Det skal ha vore fleire hjelpsame medtrafikantar på staden.
– Dei sa dei skulle hjelpa med å varsla og kontakta bilberging. Eg hadde det travelt og køyrde vidare.
Verken vegvesenet eller politiet har lista hendinga i sitt varslingssystem via Twitter. På Google Maps si trafikkovervaking ser trafikken ut til å flyta fint over Fanafjellet.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.