Politikk | 16. apr. 2022

Byggesak: Meiner fleire kommunar er for grådige

– Vanskeleg å veta om det faktisk er sjølvkost.

Byggesak: Meiner fleire kommunar er for grådige
Monica Bryner, Huseiernes distriktsleiar i Hordaland. (Foto: Huseiernes Landsforbund)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. apr. 2022 07:32

Fleirtalet av kommunane i Hordaland krev meir enn landsgjennomsnittet på 16.143 kroner for å behandla byggesaker.

14 av 21 kommuner låg over denne summen i 2021, kjem det fram av ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå.

Bjørnafjorden kommune låg på 20.800 kroner.

– Når prisforskjellen for same teneste er mange tusen kroner, kan du lura på om enkelte kommuner forsyner seg for grådig frå innbyggarane sine lommebøker. Ansvaret for å passa på at gebyra berre dekkar faktiske kostnadar er kommunen sitt. Det er berre dette dei har lov til å krevja inn, seier Monica Bryner, distriktsleiar i Hordaland.

Ho berømmer Masfjorden, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang for å halda gebyret under 10.000 kroner.

Kor mykje kan du krevja?

Kommunale tenester som byggesaksgebyrer følgjer eit selvkostprinsipp og ikkje faste, forhåndsbestemte gebyr med like summar. Derfor kan variasjonene kommunene mellom vera store.

Sjølvkostprinsippet innebærer at tenester kommunen tilbyr skal finansierast gjennom gebyr som innbyggarane må betala. Men reglane seier at kommunen ikkje kan krevja meir enn det kostar å finansiera tenesta.

– Det er ofte lite openheit om korleis gebyret blir rekna ut. Derfor er det vanskeleg å veta kva kvar enkelt kommune legg inn i byggesaksgebyret.

Lang tidsbruk kan gi rett til rabatt

Forskjellene i saksbehandlingstid varierer voldsomt i distriktet.

Mens Voss kommune bruker 8 dagar, tar det i snitt heile 113 dagar å få behandla ein byggesøknad i Alver. I Øygarden er det ikkje stort bedre, der tar det 95 dagar. I Bergen tar det i gjennomsnitt 66 dagar å få behandla ein byggesøknad.

Bjørnafjorden kommune var i fjor langt betre, med 28 dagar.

– Nokre kommunar har faktisk så lang saksbehandlingstid at utbyggarane kan krevja å få delar av byggesaksgebyret redusert. Dette er det mange som ikkje er klar over.

– Dersom kommunen ikkje har behandla byggesøknaden innan fristen på 84 dagar, har du krav på å få redusert byggesaksgebyret med inntil 100 prosent. For kvar påbegynte veke etter fristens utløp, blir gebyret redusert med 25 prosent, minnar Monica Bryner om.

Huseierne er opptatt av at regjeringa tar dei store forskjellane på alvor, og ventar at dei følgjer opp både regelverk og handteringen av dette.

– Vi meiner at Kommunal- og moderniseringsdepartementet må bidra meir til at kommunane held seg til sjølvkostprinsippet, og at byggesaksgebyra blir utrekna sånn at samanlikning kommuner imellom blir meir korrekt.

– Slik kan vi betre sikra at sjølvkostprinsippa blir følgde og gebyra blir reduserte, seier Monica Bryner i forbrukerorganisasjonen Huseierne.

Eksempel - utvalte kommuner i Vestland:

Kommune - byggesaksgebyr/snitt behandlingstid i 2021:

Bømlo 22.760/27
Fitjar 21.300/34
Bjørnafjorden 20.800/28
Stord 20.635/51
Bergen 20.000/66
Øygarden 20.000/95
Alver 17.900/113
Voss 17.000/8
Austevoll 16.600/48
Etne 10.609/60
Eidfjord 9000/14
Ullensvang 8000/60

Bjørnafjorden reduserte enkelte i fjor

I Bjørnafjorden kommune blei nokre gebyr reduserte etter fleirtal i sak i kommunestyret 18. juni 2021.

Ei kartlegging i forkant, med samanlikning med kommunane Bergen, Alver, Askøy og Øygarden, kom administrasjonen med følgjande oppsummering:

Bjørnafjorden kommune ligg høgt i pris på nybygg når det er mange bueiningar og spesielt når det er tiltak i uregulert område. For næringsbygg og driftsbygninger ligg Bjørnafjorden relativt lågt samanlikna med dei 4 andre kommunane. Når det gjeld andre, og mindre tiltak, er bildet variabelt, avhengig av type tiltak og storleik.

Når det gjeld dispensasjonssaker er Bjørnafjorden om lag på nivå med Øygarden og Alver, medan Bergen her har det klart lågaste gebyrnivået.
Det må og nemnast at Bergen og Askøy har ein dekningsgrad godt under 100 i 2020 og dermed har kunstig låge prisar. (Dekningsgrad viser i kva grad gebyrområdet har full sjølvkostdekning)

Kommunestyret vedtok i juni 2021 slike endringar i gebyrregulativet knytt til plan- og byggesaker:

  • Før formelt oppstartmøte for detaljregulering, jf. §12-8 kan ein tinga rettleiingsmøte for å avklara utfordringar på eit tidleg stadium av planprosessen. Bjørnafjorden kommune tek ikkje gebyr for rettleiingsmøte.
  • Gebyr for dispensasjonar etter plan- og bygningslova kapittel 19, dispensasjonar frå veglova, og unntak/fritak frå tekniske krav vert sett til kr 6000,-.
  • Avgrensinga om maks. to gebyr ved fleire dispensasjonar vert fjerna.

Tapte inntekter for 2021 vert finansiert med inntekter frå sal av konsesjonskraft. Andre mogelege justeringar av avgifter og gebyr blir tatt inn i budsjettarbeidet for 2022.

I saksbehandling skjedde dette:
Representanten Espen Aspenes, Frp, fremja eit korrigert framlegg til vedtak.
Representanten Nils-Anders Nøttseter, MDG, fremja eit alternativt framlegg til vedtak.

Votering
Framlegget frå Gustav Bahus, Frp, fekk 30 stemmer og blei vedtatt mot stemmene frå MDG, SV og Krf.
Framlegget frå Nils-Anders Nøttseter, MDG, fekk fem stemmer frå MDG, SV og Krf og fall.

Sjå sakspapir i kommunen sin møtekalender:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.