Litteratur | 01. des. 2022

Debuterer som barnebokforfattar i dag

Vegen var kort frå idé til ferdig bok då ein tidlegare studiekamerat slo på tråden.

Debuterer som barnebokforfattar i dag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. des. 2022 16:30

I dag blei barneboka «Den Magiske Urmakeren» lansert av det nystarta forlaget Bespoke Publishing AS.

Studiekameratane Simen Moesgård frå Os og Fredrik Opheim frå Arendal står saman med illustratør Kristin Askland bak boka.

Kristin Askland er illustratør for det ferske forlaget. Faren forsvann fordi klokkene hans også er tidsmaskin, han har forsvunne til ein annan epoke. Så er det opp til Georg å finna rett klokke til epoken faren er i, så dei kan reisa heim til rett tid.
Kristin Askland er illustratør for det ferske forlaget. Faren forsvann fordi klokkene hans også er tidsmaskin, han har forsvunne til ein annan epoke. Så er det opp til Georg å finna rett klokke til epoken faren er i, så dei kan reisa heim til rett tid.

Simen og Fredrik er også gründerane bak forlaget.

– Ingen av oss hadde plan om å bli forfattar. Utgangspunktet var at Fredrik er enormt interessert i klokker, noko som smitta over på meg då vi studerte i lag.

– Vi har halde kontakten etter studietida, og i ein samtale i februar i år så byrja vi å snakka om klokker igjen.

– Då Fredrik spurde om ikkje vi skulle laga ei barnebok i lag, med klokker som element i handlinga, sa eg av ein eller annan grunn ja på strak arm, seier Simen og ler.

Han har tidlegare vist seg frå ei kunstnerisk side i heimbygda, men då innan musikk.

Elevane i 7. klasse på Kuventræ barneskule held ord for dagen (foto: Andris Hamre)
Les ògFeiringa på Kyrkjeflaten

– Ventar ikkje å tena oss rike på dette

Det var ikkje litteratur eller pedagogikk dei to studerte.

Simen tok ein bachelor i sal og marknadsføring, og har blant anna jobba som marknadsansvarleg for ØIF Arendal, som har eitt av Norges beste lag i herrehandball.

No bur han i Danmark, der faren kjem frå, og jobbar med sal mot den norske marknaden. Frå i dag skal han også selja bøker til heimlandet, for boka er foreløpig berre med norsk tekst.

Boka er meint å lesast høgt for ungar. (Foto: Bespoke Publishing AS)
Boka er meint å lesast høgt for ungar. (Foto: Bespoke Publishing AS)

– Dette er noko vi har gjort berre fordi vi fekk lyst. Vi starta vårt eige forlag, fekk tak i illustratør og, etter kvart, ein redaktør. Heldigvis, for han gav oss MANGE gode råd, det hadde ikkje gått utan han.

Boka er trykt opp i 500 eksemplar og blir foreløpig berre selt via heimesida til forlaget. I tillegg jobbar dei med å få distribusjon via nokre urmakarar.

– Vi har full jobb og travle dagar begge to, og reknar ikkje med å tena pengar på dette. Men det er kjekt om nokon finn glede av boka, og om prosjektet ein dag går i null.

Klokker og tidsreiser

Litt av forretningsideen var at Fredrik og Simen ikkje er dei einaste i Norge som er interesserte i klokker.

– Det er forum i Norge med over 80.000 klokkeinteresserte.

– No er ikkje dette ei teknisk bok om klokker, men kllokkeinteresserte som les den for ungane sine, vil nok finne ekstra glede av den, trur Simen.

Nokre av Kristin Askland sine illustrasjonar av klokkene. (Foto: Bespoke Publishing AS)
Nokre av Kristin Askland sine illustrasjonar av klokkene. (Foto: Bespoke Publishing AS)

Boka handlar nemleg om ein urmaker som forsvinn, og om sonen Georg (10), som prøver å finna han.

Faren forsvann fordi klokkene hans også er tidsmaskin, han har forsvunne til ein annan epoke. Så er det opp til Georg å finna rett klokke til epoken faren er i, så dei kan reisa heim til rett tid.

Klokkene er i boka er dessutan ganske auteniske, og frå ulike tidepokar.

– Vi har laga ein liten nettbutikk, og er spente på responsen, seier debutanten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.