Sport | 28. feb. 2013

– Dei skal få kjørt seg

Thomas Andersen er favoritt når han startar på det 100 kilometer lange pulkløpet Expedition Amundsen. – Det er mange som vil ta meg, men dei skal få kjørt seg, lover Thomas.

– Dei skal få kjørt seg
Thomas Andersen pakka og klar før avreise mot Hardanger i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. feb. 2013 14:33

Om konkurransen er tøff og mange av dei andre deltakarane har imponerande CV å visa til, klarer ikkje Andersen å sleppa unna favoritt-stempel i forkant av årets Expedition Amundsen.

Osingen vann både det første ekstreme pulkløpet over Hardangervidden og i fjor, då han betra bestetida si med heile 8 timar.

Les òg: 8 timar raskare enn i fjor

– Eg liker ikkje vera favoritt, men det får heller gå. Formen er på topp, eg har vore lite sjuk og eg har fått øvd mykje med pulk i fjellet, så dei skal få kjørt seg godt, lover Noregs råaste fjellgeit.

I august i fjor kom han på ein imponerande 11. plass blant 1.400 kvalifiserte deltakarar i det 11,6 mil lange fjelløpet Ultra Trail du Mont Blanci Alpene. 

Expedition Amundsen går 100 km på ski i Amundsen sine fotspor frå Haukeliseter til Maurset. 

Vil slå alle - med tyngre pulk

– I år går det an å melda seg på som lag på to til tre deltakarar, der det ikkje er krav til vekt på pulk. Fleire av dei skarpaste konkurrentane mine deltar i denne klassen, med lettare pulk.

– Men sjølv om eg deltar indivdiuelt har eg lyst til å slå dei òg, sa ein svolten Thomas til Midtsiden før avreise mot Hardanger onsdag.

Dei som deltar individuelt må ha ein pulk som veg minst 40 kilo både ved start og målgang.

– Planen min er å opna varsamt for så å auka på. Det har eg sagt før òg, utan å klara det, men eg skal prøva, eg trur eg tener på ein litt roleg start.

Stiller som halvproff

Til no har Andersen deltatt i ulike løp som privatperson og seinare som BFG-løpar. Men no er han sponsa.

– Eg blei kontakta av Salomon, som no dekker masse utstyr og ein god del reiser for meg.

– Eg er ikkje heil-proff enno, men det er veldig stas å bli ein av Salomon sine to norske utøvarar og i selskap med fleire inernasjonale stjerner.

Utsett start grunna storm

Løpet skulle ha starta i kveld klokka 18, men då det er meldt liten storm i fjellet i natt er starten utsett til fredag morgon klokka 6.

Andersen vil truleg bruka rundt eit døgn på løpet, og på xtremeidfjord.no kan du følgja han og dei andre deltakarane via eit trackingsystem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.