Politi | 28. nov. 2023

Hund måtte bergast opp frå sjø

Brannvesenet rykte ut då hund hamna i sjøen.

Hund måtte bergast opp frå sjø
Bilde frå Moldaneset i sommar. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestysdag 28. nov. 2023 16:05

Klokka 15.32 meldte 110 vest på X at ein hund hadde ramla i sjøen.

Hendinga var nær Moldaneset.

Brannvesenet rykte ut for å bistå.

Kort tid etter blei det meldt om at hunden var komen på land.

Balanserte på ein stein

Utrykkingsleiar, Kristoffer Hauge, frå brannvesenet var blant dei som bisto med å få hunden på land.

– Hunden hadde vorte ivrig i leik, og hamna på eit glatt parti som gjorde at han sklei ut i sjøen, fortel Hauge.

Han fortel vidare om at det var både bratt og glatt ned til hunden, som gjorde at det ikkje var mogleg for eigar å koma seg ned til hunden sjølv.

Den firbeinte hadde funne ein stein som han stod å balanserte på då brannvesenet kom til staden.

– Hunden var roleg då han stod på steinen, men blei raskt overlykkeleg då vi fekk han på land. Det gjaldt både hund og eigar.

Vær varsame

Hauge fortel at det er glatt mange område no.

– Dersom du går nær sjøen utan band på hunden, kan det vera lurt å vera merksam på korleis føret er, det er lett for å skli uti når det er så glatt.

Hendinga hadde oppstått på eit speglglatt svaberg. Hunden var av mellomstor størrelse.

– Terreng nær vatn og sjø kan bli svært glatt, åtvarar Hauge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.