Lokal | 04. sep. 2015

Desse to skal bygga Svegatjørn-Rådal

Byggestart på E39: Her fortel Trygve Slåke frå Veidekke og Petter A. Vistnes kor tid dei byrjar på tunellane.

Desse to skal bygga Svegatjørn-Rådal
Trygve Slåke (t.v.) frå Veidekke og Petter A. Vistnes frå Implenia fortel kor tid dei byrjar på tunellane i prosjektet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. sep. 2015 08:41

Bildeserie:

Under byggestarten i Rådal torsdag. (Foto: KVB)
Under byggestarten i Rådal torsdag. (Foto: KVB)
Tom Cato Karlsen tok første spadetak. Resten av vegen skal byggast med maskiner. (Foto: KVB)
Tom Cato Karlsen tok første spadetak. Resten av vegen skal byggast med maskiner. (Foto: KVB)
Byggestart ved Svegatjørn, som skal fyllast igjen, er 1. oktober.
Byggestart ved Svegatjørn, som skal fyllast igjen, er 1. oktober.
Utkjørsla i Rådal med nye kryss og nye tunellar vidare.
Utkjørsla i Rådal med nye kryss og nye tunellar vidare.
Endelasmarka.
Endelasmarka.
Prosjektleiar Sverre Ottesen frå Statens vegvesen har det overordna ansvaret. (Foto: KVB)
Prosjektleiar Sverre Ottesen frå Statens vegvesen har det overordna ansvaret. (Foto: KVB)
1 av 6
Under byggestarten i Rådal torsdag. (Foto: KVB)
Tom Cato Karlsen tok første spadetak. Resten av vegen skal byggast med maskiner. (Foto: KVB)
Byggestart ved Svegatjørn, som skal fyllast igjen, er 1. oktober.
Utkjørsla i Rådal med nye kryss og nye tunellar vidare.
Endelasmarka.
Prosjektleiar Sverre Ottesen frå Statens vegvesen har det overordna ansvaret. (Foto: KVB)

I går blei det første spadetaket tatt på E39 Svegatjørn - Rådal.

Les òg: – Det kom uverkeleg brått på

I sommar blei dei to største kontraktane signert, Veidekke skal bygga i Os og frå Hamre i Fana, eit oppdrag verdt nesten 2,3 milliardar kroner, Implenia skal bygga i Fana for over 1,4 milliardar kroner.

Både Implenia-direktør Petter A. Vistnes og prosjektleiar Trygve Slåke frå Veidekke deltok på seremonien då statssekretær Tom Cato Karlsen (Frp) i samferdsledepartementet i går tok det symbolske første spadetaket.

Lurer du på korleis vegen blir? Sjekk denne videoen!

Startar på første tunell i desember

Mellom Svegatjørn og Rådal kjem to tunellar - frå Rådal mot Flesland og Nordås kjem Råtunnelen og Søråstunnelen, og ein vasstunnel. I tillegg kjem ny veg og nye kryss ved og mellom tunellane.

Det skal byggast ein del anleggsveg før tunelldrivinga kan starta, likevel er det ikkje lenge til arbeidet med å bora seg mellom Os og Bergen startar.

– Vi startar på Hamre i desember, med tverrslaget som skal inn til Lyshorntunnelen, så vi kan driva denne både mot Svegatjørn og Rådal, fortel Trygve Slåke.

Rundt månadsskiftet januar-februar i 2016 byrjar Veidekke å driva Skogafjellstunnelen frå Svegatjørn, i april byrjar dei å driva tunellane også frå Endelausmarka.

Implenia byrjar å driva den første tunellen i mars neste år.

I dialog med fleire underleverandørar

Kontrakten til Veidekke er Noregs største vegkontrakt. Implenia sin er ikkje langt bak. Her blir det jobb til mange.

– Vi tar tunelldrivinga sjølv, men treng fleire lokale underleverandørar. Desse har vi vore i dialog med både før og etter at vi fekk kontrakten, men det er ikkje signert nokre avtalar enno, seier Vistnes.

Det har vore investert i noko nytt utstyr etter at kontrakten blei landa, men Implenia skal frå før ha vore godt rusta. Det same gjeld Veidekke.

– Vi har heile vegen jobba som om vi fekk kontrakten og er godt førebudd. Det har vore noko oppbemanning på leiarsida og dette med underleverandørar er ein pågåande prosess, seier Slåke.

– Det kjem uansett til å vera mange lokale folk i sving, vi har fleire flinke tilsette frå Os.

Hovudkontor i Kolskogen

Tidlegare i sommar fortalte vi at Vestafjell har selt i Kolskogen for å bygga nytt produksjonslokale i Hegglandsdalen.

Det rundt 600 kvadratmeter store lokalet i Kolskogen, tett i Svegatjørn, er det Veidekke som no skal bruka som base under bygginga av Svegatjørn-Rådal.

Byggestart for Veidekke sin kontrakt er 1. oktober.

– Første fase er mykje konsentrert om ytre miljø. Verning av vassdrag har strenge krav og høg prioritet, seier Slåke.

Svegatjørn skal fyllast igjen. Rett nedanfor ligg Ulvenvatnet.

– Her kjem også ny veg og nye kryss i dagen før innslaget på tunellen. Til Endelausmarka skal det byggast ny anleggsveg på cirka 1,2 kilometer før vi byrjar å driva tunellane derfrå, seier Slåke, som no ser fram til byggestart i Os.

Om E39 Svegatjørn - Rådal

• Strekninga er på totalt 17,7 km og skal gå som firefelts motorveg mellom Os og Fana. Prosjektet har ei kostnadsramme på 6,5 milliardar kroner og skal korta ned reisetida mellom Bergen og Halhjem frå fra 40 til 20 minutt.
• 14,7 av den 17,7 kilometer lange vegen blir i tunnel. Den lengste tunnelen blir den 9,2 km lange Lyshorntunnelen mellom Endalausmarka og Rådal.
• Lengst sør, frå Svegatjørn til Endelausmarka, kjem den 1,5 km lange Skogafjellstunnelen.
• Dagsona gjennom Endelausmarka blir 1,1 km lang. Her kjem også fleire store næringsområde, blant anna Lyseparken på rundt 500 mål.
• Prosjektet omfattar også ny fylkesveg frå kryss i Endelausmarka til Åsenvegen og utbetring av eksisterande fylkesveg 163 for cirka 40 millionar kroner.
• Lyshorntunnelen (9,2 km) kjem i nord ut i Rådal, med ei kort dagsone og kryssområde på 200 meter før den går vidare i 2,2 km lange Råtunnelen. Denne kjem i fjellet vest for dagens vegsystem ved Laguneparken. Ny vegline held fram til dagens riksveg 580 sør for Troldhaugtunnelen.
• Byggestart: Torsdag 3. september 2015.

Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn - Rådal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.