Lokal | 27. mai 2014

– Det finaste eg har selt

Tysdag fekk Os kommune skjøtet på Raudlio/Stokkedalen. – Eg er glad det er Os kommune som tar over, seier Nils Lygre i Statskog.

– Det finaste eg har selt
Nils Lygre frå Statskog overleverte skjøtet for Raudlio/Stokkedalen til ordførar Terje Søviknes (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 27. mai 2014 09:53

Bildeserie:

Lygre håpa også ordføraren ville bruke området til rekreasjon og overleverte ein tursekk til formålet (foto: AH)
Lygre håpa også ordføraren ville bruke området til rekreasjon og overleverte ein tursekk til formålet (foto: AH)
Tom Leonsen frå kommunen og Åge Landro frå BFO fekk òg kvar sin sekk (foto: AH)
Tom Leonsen frå kommunen og Åge Landro frå BFO fekk òg kvar sin sekk (foto: AH)
Før det blei tid til å feira overtakinga med ein kaffidrøs rundt leirbålet (foto: AH)
Før det blei tid til å feira overtakinga med ein kaffidrøs rundt leirbålet (foto: AH)
Ein av dei faste brukarane av området ville òg vera med på drøsen (foto: AH)
Ein av dei faste brukarane av området ville òg vera med på drøsen (foto: AH)
Området ligg der, det er berre å nyta naturen (foto: AH)
Området ligg der, det er berre å nyta naturen (foto: AH)
1 av 5

Med berre 10 dagars margin i høve kontrakta fekk Os kommune konsesjon på å ta over den 10 000 mål store området i Raudlio/Stokkedalen.

Tysdag overleverte Nils Lygre frå Statskog skjøtet, det synlege beviset på at kommunen no er rettmessig eigar.

– Det var nok nokre i Statskog som håpa på at tida skulle renna ut.

– Dei meinte vi selte det for billig.

– Personleg er eg særs glad for at konsesjonen gjekk i orden og at det er Os kommune som overtek.

Bli med inn i mystiske og magiske Raudlio.

– Sjølv om vi har allemannsretten i Noreg, så trur eg tilrettelegging for friluftsaktivitet og bruk av området vil vera lettare med ein offentleg eigar, helsa Lygre då han overleverte skjøtet på dei fire gards- og bruksnumra kommunen har kjøpt til ordførar Terje Søviknes (Frp) ved ei lita markering på Raudlibøen tysdag formiddag.

Ærbødig og audmjuk

I strålande sommarvêr var det ein ærbødig og audmjuk ordførar som fekk det synlege beviste.

– Då eigedomen blei lagt ut for sal var vi i stuss. Kva gjer vi?

– Vi såg kor viktig det var å ta vare på området som det kjempestore frilufts- og skogsområdet det har vore, og er.

– Her vil det vera moglegheit for jakt, fiske, camping, friluftsliv og å oppleva dyrelivet på nært hald.

– Eg trur verdien av det vil bli berre høgare og høgare.

Samstemte politikarar

Søviknes fortalde om samstemte politikarar då spørsmålet kom opp.

– Dette var ein unik moglegheit for det politiske nivået.

– Det var ikkje vanskeleg å samlast. I tillegg har vi fått god hjelp frå mange, frå fylkesmann og fylkeskommunen til jakt-, fiske- og friluftsorganisasjonane.

– Vi blei veldig begeistra då vi fekk tilslaget.

– Dette har eit generasjonsperspektiv vi skal ha stor respekt for, fortalde ordføraren.

Forvaltningsplan og avtaler

No startar arbeidet med å få på plass avtaleverket med Bergen Skog og Træplanteselskap, Bergen og Omland Friluftsråd, Jakt- og fiskeforeningane.

– I tillegg må vi utarbeida ein forvaltningsplan.

– Vi har jo aldri eigd skog av denne dimensjonen.

– Det er jo nesten eit paradoks at eg, når eg er på austlandet i partisamenheng, snakkar om å selge skog for å betre kommuneøkonomien, så går vi motsatt veg her i Os.

– Det viktige no blir jo å skjøte den skogen som er her inne på ein god måte, avslutta Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.