Kultur | 08. mai 2022

Direkte frå kl 15: Morten Haga Lunde held tale i minneparken

Generalløytnant Lunde kjem heim som talar på frigjerings- og veterandagen.

Direkte frå kl 15: Morten Haga Lunde held tale i minneparken
Os Minnepark i dag. Programmet for dagen startar klokka 15, og blir sendt direkte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. mai 2022 07:32

– Det er ei stor ære at tidlegare sjef for etterretningstenesta, generalløytnant Morten Haga Lunde, tek seg tid til å reisa over fjellet for å halda årets tale i Os Minnepark, seier Stine Kobbeltvedt frå kultureininga i Bjørnafjorden kommune.

Ho gler seg også over at kommunen endeleg, etter pandemiprega markering i 2021 og 2020, kan invitera publikum til seremonien.

Del av programmet er også Hermine Lyssand Nordtveit, Nora-Sofie Skåtøy Kvernes, Emily Haatuft Berg og Amalie Nordhagen Jørgensen frå Bjørnafjorden kulturskule som syng «Til ungdommen».

Programmet startar klokka 15 og varer i om lag ein time. Vegen gjennom Giskavollen blir stengd for trafikk under arrangementet.

Har du ikkje sjanse å møta, kan du sjå seremonien direkte eller i opptak på kommune-TV.

Program i Minneparken- start 15.00

  • Opning ved ordførar Trine Lindborg.
  • Vi syng "Gud signe vårt dyre fedreland".
  • Ruth Elin Midtbø, Finn Helge Bjørnør, Jørgen Løland og Paul J. Valle frå Os musikkforening spelar.
  • Hermine Lyssand Nordtveit, Nora-Sofie Skåtøy Kvernes, Emily Haatuft Berg og Amalie Nordhagen Jørgensen frå Bjørnafjorden kulturskule syng «Til ungdommen», akkompagnert av Knut Vidar Garlid.
  • Tale ved generalløytnant Morten Haga Lunde.
  • Nedlegging av kransar på kyrkjegarden ved speidarar frå 1. Os KFUK-KFUM.
  • Nedlegging av blomebukett og kransar på Bauta og Minnesmerket.
  • Signalet "Bøn".
  • Vi syng "Ja, vi elsker". Ruth Elin Midtbø, Finn Helge Bjørnør, Jørgen Løland og Paul J. Valle frå Os musikkforening spelar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.