Lokal | 07. jan. 2019

Eit bubil-kappløp retning Os

Året starta med overfylt bubulparkering på Steinneset. – Kanskje beste plassen på Vestlandet, seier «debutantane» Tom og Linda frå Sotra.

Eit bubil-kappløp retning Os
Ekteparet Tom og Linda Nilsen besøkte Os hamn med bubil i helga. – Det blir ikkje lenge til neste gong, seier dei to. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. jan. 2019 12:32

Bildeserie:

Den første helga i år var plassen meir enn full. Dei to ekstra til venstre står likevel med grei avstand til kvarandre. (Foto: KVB)
Den første helga i år var plassen meir enn full. Dei to ekstra til venstre står likevel med grei avstand til kvarandre. (Foto: KVB)
Bubilplassen har vore full nærmast kvar helg sidan opning til påske i fjor. (Foto: KVB)
Bubilplassen har vore full nærmast kvar helg sidan opning til påske i fjor. (Foto: KVB)
Med ny skjerming av Os hamn trur Rykkel at 2019 kan bli eit godt år for gjestehamna. (Foto: KVB)
Med ny skjerming av Os hamn trur Rykkel at 2019 kan bli eit godt år for gjestehamna. (Foto: KVB)
1 av 3
Den første helga i år var plassen meir enn full. Dei to ekstra til venstre står likevel med grei avstand til kvarandre. (Foto: KVB)
Bubilplassen har vore full nærmast kvar helg sidan opning til påske i fjor. (Foto: KVB)
Med ny skjerming av Os hamn trur Rykkel at 2019 kan bli eit godt år for gjestehamna. (Foto: KVB)

Bubilparkeringa på Steinneset, som opna til påske i fjor, har halde seg populær gjennom hausten og vinteren.

Laurdagen i romjula var det éin eller ingen ledige av dei 9 plassane, i helga sto det 11 på Steinneset og 2 på plassen som i sommar var «popup-parkering» ved gjestebrygga og Esso.

– Ryktet spreier seg i bubilmiljøet, og det er ei stund sidan vi fekk høyra om denne fine plassen på Os, seier Tom Nilsen frå Sotra.

I helga reiste han og kona Linda saman med venar frå Osterøy i til saman tre bilar i retning Os.

– Det er ikkje mange slike plassar på Vestlandet. Plassen er idyllisk, alt er godt oppmerkt og straumanlegget fungerer fint. Det einaste som manglar er tømmestasjon, men det forsto eg dei har på den andre sida av hamna, ved Esso.

– Det blir eit kappløp

Linda og Tom seier at det blir fleire turar til Os i helgene som kjem. Dei har òg fått med seg websida osgjestehamn.no, som blei lansert i fjor, og som har fleire webkamera i hamna.

– Det blei fort mørkt, så vi visste ikkje heilt sikkert om det var ledig plass før vi kom fram. Men heldigvis ordna det seg.

– Eg trur det er fleire som følgjer med på dette, og fredagane er det nok mange som deltar i bubil-kappløp retning Os. Vi blir éin av dei i tida som kjem.

Os hamn: 1.138 gjestedøgn på 7 månadar

Gjestar i bubil og båt betaler same pris, 150 kroner per døgn, og kan betala med kort eller via ein app (nytt i 2018).

– Dei som betaler med app registrerer om betalinga gjeld båt eller bubil, men dei som betaler med kort har vi ikkje informasjon om, seier hamnesjef Gitle Smaadal frå Os brannvesen.

Appen kom i drift i midten av mai.

Statistikk frå juni og ut året viser 1.138 overnattande gjestar i Os hamn.
• Av desse har 363 betalt med kort (uvisst om det er bil eller bubil
• 368 betalte for bubil (med app)
• 463 betalte for båt (med app)

I tillegg var det 108 som betalte med kort og 43 med app (6 bubilar og 37 båtar) for overnatting i mai.

Tar vi med 56 som betalte med kort frå januar til og med april (april var første månad med bubilparkering) er vi oppe i 1.345 betalande gjestar i båt og bubil i Os gjestehamn i 2018.

Det tilsvarar ein omsetnad på 201.750 kroner i løpet av fjoråret.

Dei fire travlaste månadane var mai til august, med til saman 1.018 gjestedøgn. Til saman blei inntektene 152.700 kroner på desse fire månadane.

Bubil - året rundt

Blant dei som har betalt med app ser vi at mengda båtar gjekk ned frå 188 i juli og 130 i august til 26 i ein søkk våt september, 20 i oktober og 4 i november.

Men bubil har halde seg stabilt, frå 69 i juli og 98 i august til 29 i september, 56 i oktober, 40 i november og 45 i desember.

Med plass til 9 bubilar, om vi reknar med at gjestane berre har vore her éi eller to netter i helgene, betyr det at bubilplassen i snitt har hatt 50 prosent belegg gjennom hausten.

– Alt har fungert veldig bra. Vi tar stikkprøvar og svinger innom og ser at alle har betalt, og folk i bubil har orden i sakene.

– I helga sto det to fleire bilar enn det er sett av plass til. Har det vore noko å reagera på?

– Det har berre skjedd nokre få gongar, blant anna under Osfest. Så lenge dei står med trygg avstand frå kvarandre har eg ikkje vore streng på dette. Men det skal vera nokre ledige plassar til badande, fiskarar og andre som besøker Steinneset.

Held fram med å utvikla Os hamn

Næringskonsulent i Os kommune, Jon Sivert Rykkel, gler seg over det gode besøket og den jamne bruken av Os kommune sin nye bubilplass.

– Det viser at det var eit etterlengta tilbod, at det ikkje var feil å etablera denne plassen, seier Rykkel.

I oktober kom også ein kajakkrampe på plass, som eit tilbod til padlarar og surfarar.

– Har det vore diskutert å utvida kapasiteten for bubilar?

– Små og store tiltak i Os sentrum og Os hamn blir drøfta i det nye Liv på Øyro-utvalet. Vi har førebels ikkje vore innom spesifikke tiltak innan bubil, men vi ser at dette er gjestar vi kan få endå fleire av. Samtidig er vi spent på å sjå kva effekt betra skjerming av Os hamn vil få for båtturismen.

I romjula blei dei siste av dei fire bølgedemparane montert, dermed har Os hamn blitt endå betre skjerma.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.